Foreldrekurs

Nokon gonger er foreldrerolla ekstra utfordrande.
Det kan for eksempel vere vanskeleg å vite kva som er rett? Korleis ein skal møte barnet? Kva barnet treng av støtte? Kva grenser ein skal ha og korleis sette dei? 

bilde av dei tre damene langs ein vegg - Klikk for stort bileteKursahaldarane av foreldrekurs i Kvam

Nokre gonger vert både vi og barnet overvelda av kjensler. Kunne du tenke deg å verte tryggare på korleis møte og forstå barnet ditt? 

I regi av Kvam Herad vert det jamleg arrangert foreldrekurs.

Kursa som går både vår og haust er følgjande: 

1. Emosjonsfokusert foreldrekurs 

– 2 dagarskurs

Foreldrerettleiingskurs til foreldre med born som har lettare enn andre å komme inn i fastlåste kjensler, som dei treng hjelp til å kome ut av.  

Har du eit barn med emosjonelle vanskar, og du treng rettleiing på korleis du betre kan møte barnet ditt og deira behov? 

Emosjonsfokusert tilnærming er forankra i ei tru på at foreldre og omsorgspersonar kan vere den viktigaste krafta for born med psykiske og åtferdsmessige utfordringar. 
For: foreldre med born i alderen 4 - 18 år.
Kursstad: På rådhuset i Norheimsund.
Kursdatoar: Torsdag og fredag 15. - 16. februar 2024, kl. 9. - 15. Nytt kurs hausten 2024. Eget kurs for fosterforeldre 18. - 19.april 2024.

Kursleiarar: Familiesenteret v/Tone Flotve og Anne Karin Laupsa Nes          

2.Tryggleikssirkelen (COS-P):

Dette foreldrerettleiingskurset skal gje de foreldre verktøy til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Kurset kan også bidra til eit betre samspel mellom deg og borna dine. 

Kurset er basert på eit utarbeida videomateriale og drøftingar rundt dette. 

2.1 Gruppe for foreldre i barselgruppe: 
Kurset går over 4 - 8 gonger, dagtid, 1.5 timar kvar gong. 
Kursdatoar: Oppstart haust/vår. Ta kontakt med helsestasjonen. Kursleiarar: Helsestasjonen.

2.2 Gruppe dagtid for foreldre alder 0-18 år: 
- 8 gongar, ca. 2 timar kvar gong. 

Kursstad: På rådhuset i Norheimsund. 
Kursdatoar: Oppstart tysdag 23.januar 2024 kl. 13.30 -15.15. Nytt kurs haust 2024.

Kursleiarar: Familiesenteret v/Brynhild Eide og Tone Flotve

___________________

3. «Ver med meg» - kveldskurs

-  4 kveldar, på 2,5 timar pr.gong. 

Foreldrerettleiingskurs med fokus på tilknyting, samspel og emosjonsfokusert tilnærming.
Også med bruk av tryggheitssirkelen (COS-P), men med preg av førelesning, videoklipp og refleksjon rundt det som vert formidla.
For: foreldre med born i alderen 0 - 18.
Kursstad: På rådhuset i Norheimsund.

Oppstart: Februar 2024 - kurset er avlyst.  Nytt kurs hausten 2024.

Kursleiarar: Familiesenteret v/ Anne Karin Laupsa Nes og Brynhild Eide  

___________________

 

bilde av dei to kurshaldarane framfor skjerm som syner Trygghetssirkelen - Klikk for stort bileteFamilieterapeut Brynhild Eide og spesialpedagog Anne Karin Laupsa Nes

Dersom du / de ynskjer informasjon eller å delta på foreldrekurs, ta kontakt med kursleiarane seinast 1 veke før kursoppstart. Det er avgrensa antal plassar.    

Kontaktinformasjon til foreldrerettleiarane: 

Tone Flotve tlf. 909 33 517  / tonflo@kvam.kommune.no

Brynhild Eide tlf. 46805231  / bryeid@kvam.kommune.no

Anne Karin Laupsa Nes tlf. 90993482 / annnes@kvam.kommune.no

* Hugs å ikkje sende over sensitive personopplysingar.

Du kan også ringja Familiesenteret via Kvam herad sitt sentralbord, på tlf. 56 55 30 00.