Avlesing av vassmålar

Illustrasjonsbilete av vassmålar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av vassmålar. Pixabay. Sluppe under CC0-lisens. Det er tid for avlesing av vassmålar. Du vil få tilsendt SMS om avlesing av vassmålaren din.

Sjekk at du les av korrekt vassmålar ved å samanlikne vassmålarnummeret på motteke varsel mot nummeret på vassmålaren. Tal bak komma eller raude tal skal ikkje takast med.

Svar berre med avlest målarstand, det trengs ikkje kode. Du vil motta kvitteringsmelding etter innsending, men dette kan ta tid på grunn av stor pågang.

Dersom du ikkje svarar via SMS vil du motta vassmålarkort i posten i veke 39.

Vassmålarkort

Får ein tilsendt vassmålarkort kan ein anten svare via internett, på leseav.no, eller ved å senda svarslipp i retur. Dersom du ynskjer å svara via leseav.no er registreringa open fram til 10. oktober 2019. Ynskjer du å svara via post må du senda svarslippen innan fristen som er å finna på vassmålarkortet. 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Maria Skeie, anten på telefon 56 55 30 37 eller mask@kvam.kommune.no

Kontaktinfo

Maria Skeie
Økonomikonsulent
E-post
Telefon 56 55 30 37