Sjekk at du les av korrekt vassmålar ved å samanlikne vassmålarnummeret på motteke SMS varsel mot nummeret på vassmålaren.
Når du svarar via SMS skal du berre svara med tal (du skal altså ikkje skriva noko kodeord eller liknande). Tal bak komma eller raude tal skal ikkje takast med. Du vil motta kvitteringsmelding etter innsending, men dette kan ta tid på grunn av stor pågang.
Dersom du ikkje svarar via SMS innan fristen, vil du motta vassmålarkort i posten.
Døme på SMS-varsel, og korleis du sendar inn din vassmålarstand (du kan trykka på biletet for å få det i meir lesbart format):
Her har vedkomande sendt inn vassmålarstand på 4039 (dømet er henta frå 2021, men meldinga er omtrent lik i år).
Om du har sendt feil tal, kan du senda ny avlesing innan fristen.
Vassmålarkort
Får du tilsendt vassmålarkort kan du anten svare via internett, på leseav.no, eller ved å senda svarslipp i retur. Dersom du ynskjer å svara via leseav.no er registreringa open fram til 6.november 2022. Ynskjer du å svara via post må du senda svarslippen innan fristen som du finn på vassmålarkortet.
Om me ikkje mottek avlesing innan fristen vert vassforbruket stipulert.
NB: Du kan berre bruka leseav.no dersom du har fått vassmålarkort i posten.
Har du spørsmål kan du ta kontakt på telefon 56 55 30 00, eller ved å senda e-post til mineigedom@kvam.kommune.no