Ny i KvamFyrst av alt, velkomen til oss!Bruk gjerne søkefeltet på framsida for å finna det du måtte leita etter av våre tenester og tilbod.I dei ulike blå tenesteboksane, finn du hovudinnhaldet i sida vår. Her følger lita oppsumering av Kvam og bygdene våre.Omaholmen, Oma Pernille Djupesland ______Framtida er her Søk jobb i kvam! Sjå faldaren vår her (PDF, 6 MB)Om KvamMe har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Kvam har korte avstandar til mykje, ein times køyring frå Bergen der ein finn tog, flyplass samt byliv. Og ein time frå Voss, her ligg me, kommunen ved Hardangerfjorden.Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular per i dag, bygging av nye Kvam vidaregåande skule pågår og er venta ferdig 2025. Norheimsund er regionsenteret og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad».Les meir om dei ulike bygdene som utgjer Kvam herad under her.Vil du følje med på kva meir som rører seg? Gå til framsida på kvam.no Last ned vår innbyggarapp: Friskus kommune (Der finn du nyheiter, aktivteskalender, snarvegar til populær informasjon med meir.)Følg oss på Facebook. NorheimsundMovatnet og Norheimsund Namnet Norheimsund kjem truleg av det gamalnorske ordet nor, som tyder trangt sund. Norheimsund er eit yrande og mangfaldig regionsenter. Sidan 1850-åra har reiseliv og handel utvikla seg til næringar kjende for stor aktivitet, varierte tilbod og god service. Norheimsund er ei vakker fjordbygd med uforgløymeleg natur og interessante attraksjonar. Bygda har vunne tettstadprisen år 2000 for sitt arbeid med sentrumet Grove og fekk statens pris for attraktiv stad i 2013. Norheimsund har ei av landets beste gjestekaier. Denne kjem godt med når Norheimsund står som vert for den årlege båtfestivalen i slutten av juni. Samstundes med båtfestivalen vert musikkfestivalen Hardingtonar arrangert. Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av trebåtar. Kulturhotellet Thon Hotel Sandven er eit gamalt sveitserhotell som ligg midt i sentrum. Hotellet, sjøhuset og tingstova utgjer til saman eit særprega historisk miljø. Norheimsund er administrasjonssenter for Kvam herad. StrandebarmStrandebarm har ein open og vakker natur med eit interessant bygningsmiljø. Om det er denne opne naturen som inspirerer strandebermingen til litterære verk skal vere usagt, men at bygda har fleire store forfattarar på samvitet er udiskutabelt. Hans E Kinck (1865-1926) var ein av landets nyromantiske forfattarar rundt det forrige århundresskifte. Jon Fosse (1959-) har satt modernismen og realismen i senter rundt dette århundreskiftet. Han mottok Nobelprisen i litteratur 2023. Hardangerfjorden mot Oma, Strandebarm og Vesoldo Kristine Moldenhauer Biseth Strandebarmingen er gjerne den mest kjende lokalhelten - ut over Jon Fosse. Denne trebåten har eit godt ord på seg mellom båtfolket. Båten er lettrodd og fartsglad, om enn noko lågripa til kystbruk. Attåtnæring i tillegg til gardsdrifta har lange tradisjonar i Strandebarm, og handverksnæringane har stått sterkt i bygda. Den viktigaste har truleg vore båtbygging, som har gjort bygda kjend over heile landet. I mellomkrigstida var det mellom 100 og 130 båtbyggjarar i Strandebarm. Eit flott nytt idrettsanlegg samt ny grunnskule for regionen som soknar til Strandebarm, har vore med å gje ytre deler av Kvam eit løft. Strandebarm kyrkje, som vart bygd i 1876, har mange gamle alterbilete. Tek du turen til fjells kan du gå til toppen Vesoldo (1046 moh). Derifrå får du ei nydeleg utsikt over Folgefonni, du kan faktisk sjå Hardangerjøkulen derifrå. TørvikbygdEika i Tørvikbygd Frank Tangen Kjem du frå Norheimsund mot Tørvikbygd vil du møta ei eldgamal eik midt i vegen på garden Tuften, like før Tørvikbygd. Denne eika er ei av fleire eiker i området som er freda. Ved Bergsvatnet finst det og takrørsiv som kan bli 3 meter høge. Dei liknar på bambus. Nede ved fjorden ligg Stekkavika - ei lun, austvendt hamn, skjerma mot fjorden med nes og holmar. Der finn du eit innhaldsrikt sjøbruksmiljø, med naust og sjøhus, kvernhus, sirkelsag og verv for jektebygging. Litt lenger opp i lia ligg ei av dei få oppgangsagene som er att av den einblada typen. Saga, som er restaurert, vart bygd i 1823. På Grind står det også ei sag som er nyrestaurert og i stand til å skjæra tømmer på. Tørvikbygd er eit av knutepunkta over Hardangerfjorden. Her går det ferje til Jondal. Turen over fjorden tek 20 minutt. Sjå film frå Tørvikbygd grendeutval under: ØysteseØystese er eit namn som granskarane har vanskar med å tyda. Truleg er det eit samansett namn der siste leddet er -vin. Øystese var namnet på skipreida i mellomalderen, og tufta etter langskipsnaustet ligg i Skipadalen mellom gardane Nes og Valland. Lengda er 35 meter, breidda 15,5 meter. Eit liknande, men mindre naust låg i Øystesevika, truleg eit gardsnaust. Stranda i Øystese Øystese er ei vakker bygd som er eit godt utgangspunkt for ein opplevingsrik ferie året rundt. Fjellturar, bading ute/inne, museum, fisking, bowling, golf, akvasenter, gardsvitjing med saft- og sidersamking er noko av det bygda kan by på. Kunsthuset Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik Museum i sentrum av Øystese. Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad. Tilknytt Kabuso ligg også Hardanger Skyspace av James Turell. Skårsvatnet eller Gullfiskevatnet som det også vert kalla, ligg 5 km. frå Øystese på fylkesvegen til Porsmyr/Fyksesund. I vatnet finst store mengder gullvederbuk, eller såkalla gullfisk. Fisken er lett å få auga på, og vart utsett av dr. Klaus Hansen og dr. Munch Søegaard i 1914. Gullvederbuk er ein sjelden art i Europa. ÅlvikÅlvik og fjorden Torjan Håland Namnet Ålvik kjem av treslaget older. Ålvik ligg på nordsida av Hardangerfjorden, om lag halvannan times køyring aust for Bergen. Geografisk er Ålvik delt opp i indre og ytre med ein åsrygg. Når du reiser frå Bergen kjem du fyrst til Ytre Ålvik som har dette namnet i dag. Omlag fem minutt køyring vidare kjem du til indre Ålvik. Som stadnamn brukast berre Ålvik for dette område. Våren kjem tidlegare til Ålvik enn til resten av Kvam. Noko som skapar god grobotn for eit rikt planteliv. Ei av dei mest sjeldne plantene ein finn i Ålvik, er Kvit skogfrue. Den er freda og har eit nasjonalt tyngdepunkt i Hardanger. Planta finst enkeltvis og i små bestandar langs vegkanten av Fv 7. Ålvik er eit fint utgangspunkt for mange fine turar i fjellet, Vikedalsnebbet og Hedler for å nemne nokon. Ålvik husar smelteverket Bjølvefossen ASA med om lag 150 tilsette. Det Elkem-eigde smelteverket produserer ferrosilisium og MgFeSi. Sist endra 15.10.2025 11:53