Kvam herad tek ansvar lokalt, og heile lokalsamfunnet er ein viktig del av beredskapen.
Kva er Totalforsvarsåret?
Når verda er uroleg, gir det tryggleik å vera førebudd. Det er krig i Europa, og digitale angrep og forsøk på påverking skjer oftare. Det er ingen omgåande fare for krig i Noreg, men me skal vera betre førebudd på alvorlege hendingar.
Totalforsvaret er summen av landet sine sivile og militære ressursar, som jobbar saman for å førebygga og handtere kriser, væpna konfliktar og krig.
Dette gjer Kvam herad
Kvam herad skal sørge for at kritiske tenester fungerer også i kriser. Me skal ha ei tydeleg kriseleiing og samordne andre aktørar lokalt. Me følger nasjonale føringar, og informerer og samarbeider tett med innbyggjarane, frivilligheita og næringslivet for å bygga eit motstandsdyktig lokalsamfunn.
Kva kan du som innbyggjar gjere?
Myndigheitene anbefaler alle som kan, er førebudd på å klara seg sjølv i minst éi veke. Det gjer at naudetatar og heradet kan bistå dei som trenger det mest.
Styrk din eigenberedskap
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. Ved å vera førebudd i ei veke vert du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser.
Råd om eigenberedskap
- Norske styresmakter forventar at alle som kan, er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
- Dersom me vert ramma av større kriser som påverkar mange – og gjer at viktige tenester ikkje fungerer som normalt – kan ikkje alle få hjelp med ein gong.
- Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs i kriser. Derfor rår me alle å finna ein beredskapsven, nabo, familie eller liknande. Finn ut kven som kan trenge hjelp frå deg, og kven du kan få hjelp av. Med ulike eigenskapar og kunnskap kan familie, vener og naboar utfylla kvarandre.
Dette bør du ha heime:
✓ Vatn
Du bør ha rundt 20 liter drikkevatn per person i beredskap for ei veke.
✓ Varme og lys
Ha ei alternativ varmekjelde ved straumbrot – eller ein avtale om kvar du kan reise.
✓ Mat
Ha litt ekstra av den maten du vanlegvis et, og/eller matvarer med lang haldbarheit.
✓ Legemiddel og førstehjelp
Lær deg førstehjelp, og ha førstehjelpsutstyr, nødvendige legemiddel og jodtablettar (for deg som er under 40 år, gravid, ammande eller har born i husstanden).
✓ Hygiene
Ha våtserviettar, handsprit, toalettpapir, avfallsposar og sanitetsprodukt du treng dersom vatnet blir borte.
✓ Informasjon og kommunikasjon
Ha ein DAB-radio som fungerer utan straum, og ein opplada batteribank. Ver kildekritisk!
✓ Betaling
Ha fleire bankkort, litt kontantar og konto i fleire bankar.
✓ Felles eigenberedskap
Avklar kven du kan samarbeide med, og korleis de kan hjelpe kvarandre.
✓ Psykisk helse
Bruk tida på det du kan gjere noko med, hald på rutinar og ver sosial.
✓ Opphaldsstader i kriser
Følg råda frå styresmaktene om kvar det er trygt å vere.
✓ Sjekkliste for eigenberedskap
Tenk gjennom og diskuter kva de treng å ha i hus.
• Over ni av ti kjenner no til råda om eigenberedskap, som skal hjelpe folk å dekkje grunnleggjande behov i ei krise – og stadig fleire følgjer dei. Det er godt nytt for totalberedskapen i Noreg.
Les meir om eigenberedskap her.
Hald deg oppdatert
Ver klar over kvar du finner informasjon i ei krise, også dersom straum, telefon og nett fell vekk. Ver bevisst på informasjon og ver kjeldekritisk. Gjer deg kjent med beredskapsmøteplassar.
Les meir om informasjon ved beredskapshendingar her.
Råd om eigenberedskap for næringslivet (verksemder)
For at samfunnet skal fungera godt i alle slags situasjonar, er det viktig at kvar verksemd er førebudd på å handtera ulike hendingar og kriser. Dette er nødvendig både for verksemda sjølv, og for alle som er avhengige av tenestene eller produkta deira. Verksemder som har ein «plan B», gjer Noreg meir robust.
DSB tilrår at alle verksemder har ein plan for kva dei skal gjera i ulike kriser. Dei må ha eigenberedskapen sin i orden. Dette gjeld òg plan for kva dei gjer dersom straum, mobil- og internettdekning eller vatn blir borte.
Nedanfor finn du fem konkrete råd for å styrkja beredskapen i verksemda di.
✓ Kartlegg kritiske område
Kartlegg kva aktivitetar og område verksemda består av. Vurder kva for aktivitetar som er mest kritiske, og kva interne funksjonar de er avhengige av.
✓ Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans
Gjer ei vurdering av kva konsekvensar det vil ha dersom verksemda opplever forstyrringar eller avbrot. Dette kan påverka økonomi og omdøme, men det kan òg vera kritisk dersom enkeltpersonar eller andre verksemder er heilt avhengige av leveransane dykkar. Ta omsyn til kundekrav, avtalar og lov- eller forskriftskrav som gjeld for leveransane.
✓ Skaff oversikt over avhengnader
Lag ei oversikt over kva ressursar dei viktigaste aktivitetane i verksemda er avhengige av. Dette omfattar både interne ressursar de sjølve styrer, og eksterne ressursar der de er avhengige av leverandørar.
✓ Gjennomfør tiltak for å sikra drift
Vurder kva tiltak som er nødvendige for å halda drifta i gang ved ulike typar hendingar. Dette kan vera hendingar som råkar kritiske ressursar – uavhengig av årsak. Tiltak kan vera både førebyggjande, gjenopprettande eller retta mot å skapa redundans.
✓ Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering
Planlegginga bør òg omfatta korleis verksemda skal gjenoppretta aktivitetar og koma tilbake til normal drift etter ei hending.
Les meir om råd om eigenberedskap for verksemder på DSB sine sider
Øving gir tryggleik
I løpet av året vert det fleire nasjonale og lokale øvingar. Nokon kan vera synlege i nærområde. Øvingar gjer Noreg tryggare fordi me trenar på samarbeid og beredskap.
Å stå saman vil verta avgjerande om me skulle oppleva det verst tenkelege – som eit væpna angrep på Noreg – eller meir kvardagsnære, men alvorlege hendingar som eit langvarig straumbrot lokalt.
Både nasjonalt og lokalt finst det mange aktørar med tydelege rollar og ansvar, anten det gjeld førebygging eller handtering av større krisar.
- Totalberedskapen er summen av all beredskap i Noreg.
- Det betyr at me alle er viktige aktørar både som innbyggarar, frivillige, private og offentlege.
- Befolkninga sin eigenberedskap har til no vore i fokus, og er grunnbjelken i nasjonal sikkerheitsstrategi.
- I 2026 styrkar fokuset også på kommunane, næringsliv og alle naudetatar for å gjennomgå planverk og utvikla oss saman.
Lenkjer til vidare lesning:
Denne sida er nyleg oppretta og vil bli oppdatert fortløpande.