Retten til eit trygt og godt skulemiljø
“Det er hvordan eleven opplever å ha det på skolen som er avgjørende for om eleven har et trygt og godt skolemiljø”. Rundskriv udir 01.08.24.
Eleven sin rett til å bli høyrd og eleven sitt beste skal vera grunnleggjande omsyn i vurderingane skulane gjer i arbeidet med å oppfylla aktivitetsplikta jmf. Barnekonvensjonen artikkel 3 og artikel 12.
Når ein elev gjev uttrykk for at han eller ho ikkje har det trygt og godt på skulen, skal det vera utgangspunkt for vidare handling. Eleven skal ta del i heile prosessen når tiltak vert planlagt, gjennomført, evaluert og eventuelt justert. Dette er tydeleggjort i skjema for oppfølging av skulemiljøsaker/aktivitetsplan.
Eleven sin rett til å bli høyrd og omsynet til barnet sitt beste, gjeld anten eleven seier han eller ho ikkje har eit trygt skulemiljø, om skulen mistenkjer eleven har krenka andre elevar eller eleven er involvert i saka på anna vis.
Alle som arbeider eller yter teneste ved skulen har etter opplæringslova §§ 12-4 og 12-5 ei lovfesta aktivitetsplikt for å sikra at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta inneber ei plikt til å:
1. Følgja med
2. Gripa inn
3. Melda frå
4. Undersøka saka
5. Setja inn tiltak
6. Dokumentera
1. Følgja med
Alle som arbeider ved skulen har ei plikt til å følgja med. Dette vil sei at ein må observera elevane, korleis dei er saman med kvarandre og korleis dei har det på skulen. Å følgja med er avgjerande for at ein får kjennskap til korleis eleven har det på skulen. Arbeidet gjeld både i timane, friminutta og ved alle andre aktivitetar. For å sikra arbeidet må den tilsette kjenna klassereglar, ordensreglement, rutinar ved inspeksjonar og skaffa seg opplysningar om ekstra sårbare elevar og fylgja ekstra godt med der desse elevane oppheldt seg. Ein må sjå dette i samanheng med det systematiske arbeidet som gjeld trygt og godt skulemiljø ved skulen.
Korleis oppdaga at ein elev ikkje har det bra?
- I samtale med eleven
- Ved at ein fangar opp noko i samtalar med andre elevar
- Eleven fortel om mistrivnad
- Melding frå føresette
- Endring i åtferd, endring i klasse- og /eller skulemiljøet, endra/nye elevgrupper som oppheld seg saman
- Undersøkingar
- Gjennom observasjon og inspeksjon. Alle tilsette skal kjenna til kva oppgåver som fylgjer det å ha inspeksjon. Ein vaksen ute skal vera deltakande, imøtekomande og opparbeida gode relasjonar i møte med elevane. Reglar skal handhevast likt av dei tilsette.
2. Plikt til å gripa inn
Å gripa inn er ikkje det same som å setja inn tiltak. Alle som arbeider ved skulen har plikt til å straks gripa inn mot krenkingar dersom det er naudsynt.
Når skal ein gripa inn?
- For å stoppa negativ oppførsel som slåssing eller andre fysiske krenkingar
- Stoppa situasjonar der elevane vert haldne utanfor fellesskapet (utfrysing)
- Ved hatytringar, isolering, baksnakking eller ved andre verbale krenkingar
Fysisk inngripen elles er omtalt i opplæringslova § 13-4:
"Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
a. krenkjer ein person fysisk eller utset seg sjølv for fysisk fare
b. skader eigedom
c. viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast".
3. Melda frå
Alle mistankar om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen skal melda frå til rektor. Om ikkje rektor er til stades, må avdelingsleiar få meldinga. Kor raskt det skal meldast frå må vurderast frå sak til sak. Alvorlege saker skal meldast til rektor straks. Andre saker kan ein venta med til slutten av skuledagen eller i møte innan ei veke.
Når og korleis skal ein melda frå?
- Skjemaet "Melda frå kap 12” skal nyttast. Ved levering av skjema skal det avklarast kven som har ansvar for vidare undersøking (utover det som vert gjort når den tilsette får kjennskap til situasjonen).
- Det skal vera låg terskel for kva som er «mistanke» om eller «kjennskap» til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. At ein elev gjev verbalt uttrykk for mistrivnad oppfyller kravet til at den tilsette har «kjennskap» til.
- Mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen kan koma av observasjonar, tilbakemeldingar i undersøkingar, melding frå føresette, aktivitet på sosiale media, at eleven sjølv melder frå eller melding frå medelevar. Endringar i klassemiljøet kan gje mistanke om at skulemiljøet ikkje er trygt og godt.
- I alvorlege tilfelle skal rektor melda frå til skuleeigar same dag.
- Skuleeigar skal ha melding i tilfelle der det er krenkingar og /eller digital mobbing på tvers av skular.
Føresette skal melda frå når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Ein må vurdera tidspunktet for å melda frå i kvar enkelt sak, men ved alvorlege tilfelle hovudregel melder skulen frå til føresette same dag som skulen vert kjend med saka.
4. Undersøka
Skulen har plikt til å undersøka saka. Plikta til å undersøka skal vera like låg som ved varsling. Dei undersøkingane ein gjer når ein vert kjent med situasjonen dokumenterast. Ansvaret for vidare undersøkingar vert avklart ved levering av varsel.
Plikta til å undersøka betyr at skulen skal undersøka eleven si oppleving av skulemiljøet. Skulen skal ikkje skaffa og vurdera bevis mot at eleven er vorte krenka. Målet med undersøkingane er å få fram fakta om situasjonen og kva som påverkar korleis eleven opplever skulemiljøet. Undersøkingar er viktig for å kunna setja inn riktige tiltak.
Det som skjer mellom elevar etter skuletid kan påverka skulekvardagen. Dersom ein elev ikkje har det bra på skulen, pliktar skulen å ta tak i problemet. Dette gjeld sjølv om årsaka er noko som har skjedd utanfor skulen.
Skulen har ansvar for at eleven har medverknad når ein undersøkjer saka. Eleven skal høyrast og barnet sitt beste er grunnleggjande i alt skulen gjer.
Korleis undersøka?
- Samtale
- Analyseskjema LP
- Observasjon
- Undersøking
- Sosiogram
Når skulen skal ha samtale med eleven det gjeld, andre elevar eller føresette, bruker ein råd frå «den viktige samtalen» :
- bruk forståelege ord
- gje tid til å tenkja
- avklar forventningar til samtalen
- ver medviten om eige kroppsspråk
- still opne spørsmål for å få fram eleven si oppleving
- øv på slike situasjonar, gjerne med ein kollega
5. Setja inn tiltak
Det skal utarbeidast ein aktivitetsplan som mellom anna syner tiltak som skal setjast i verk. Det skal nyttast eigen mal.
Skulen har plikt til å setja inn eigna tiltak for elevar som opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, uansett årsak. Skulen skal vidare fylgja opp tiltaka, evaluera og gjera endringar eller leggja til tiltak dersom det er naudsynt.
For å finna eigna tiltak må eleven sin rett til å verta høyrt ivaretakast. Ein må vurdera kva tiltak som best tek omsyn til eleven sine interesser. Dei tilsette i skulen må nytta fagleg skjønn.
Kva må ein ta omsyn til i tiltaka:
- tiltaka må tilpassast den konkrete saka
- ta utgangspunkt i årsakene til problemet. Kvar sak er unik!
- det vil ofte vera trong for fleire tiltak
- sakene skal løysast på lågast mogeleg nivå
- tiltaka skal vera lovlege og kan rettast mot den som vert krenka, den eller dei som krenker, tilskodarar, gruppe- eller klassemiljø eller heile skulemiljøet
Tiltaksplikta gjeld så lenge eleven opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt og ein har eigna tiltak som kan setjast inn. Dersom ein ikkje oppnår føremålet med tiltaket, må ein gjera endringar eller setja inn andre tiltak. Rektor/avdelingsleiar avgjer kven som har ansvar for å utarbeida aktivitetsplan i kvart enkelt tilfelle.
6. Dokumentera
Skulen må dokumentera kva dei gjer for at elevar skal ha det trygt og godt på skulen. Dokumentasjonen skal sikra at:
- elevar og foreldre får bevis på at skulen tek saka på alvor og at dei pliktar å hjelpa eleven
- statforvaltaren raskt kan få oversikt dersom saka vert meldt der
- at saka er tilstrekkeleg utgreidd ved tilsyn, erstatningssaker og straffesaker
Skulen har to dokumentasjonsplikter knytt til §12:
- Dokumentera kva tiltak dei planlegg – gjennom ein aktivitetsplan
- Utfylt skjema frå varslinga og undersøkinga. Merk at eleven si stemme skal koma fram, samt notat frå samtale og møte med føresette.
- Aktivitetsplan. Aktivitetsplanen må tydeleg merkast med dato ved eventuelle endringar. Hugs at et er særleg viktig at det kjem fram kva som er eleven sitt syn/ynskje/merknader.
- Dokumentera kva som er gjort for å betra situasjonen for eleven og evaluering av tiltaka
- Dokumentasjonen skal lagrast i eleven si mappe. Alt som er arkivverdig skal arkiverast i websak frå 01.01.21. Sjå eigen rutine for arkivering.
- Dokumentera skriftleg skulen sitt systematiske arbeid for eit trygt og godt skulemiljø, jf §12-4
- Systemarbeid som gjeld trygt og godt skulemiljø (overordna plan for trygt og godt skulemiljø)
- Plan for trygt og godt skulemiljø ved kvar skule
- Trivselstiltak
- Skulereglar, ordensreglement, trivselsreglar, rutinar for inspeksjon
- Plan som viser møtepunkt der skulemiljøet vert drøfta, og referat frå møte der ein drøftar skulemiljøet
Dokument under arbeid skal lagrast i “sikker sone” i Teams (rutine under arbeid). Ferdig aktivitetsplan skal lagrast i elevane si mappe i websak. Aktive aktivitetsplanar skal uansett lagrast ved slutten av eit skuleår.
Når elevar vert krenka av vaksne:
Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skulen krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skulen utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkommande straks varsla rektor. Rektor skal varsla skuleeigar.
Dersom det er ein i skuleleiinga som står bak krenkinga, skal skuleeigar varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak som etter § 12-5 skal setjast i verk.
For vidare handtering, sjå rutine Aktivitetsplikt.