Styring og kontrollverksemd
Dette er eit lite, men grunnleggjande rammeområde for ein kommune si rolle i demokratiet. Utgiftene går til tilskot til politiske parti og grendeutval, løn, godtgjersle, tapt arbeidsforteneste, frikjøp, refusjonar arbeidsgjevarar, møteutgifter og transport til politikarar, kontrollutval og Hardangerrådet.
Hordaland fylkeskommune har sekretariatsarbeidet for Kontrollutvalet og revisjonen vert utført av Deloitte.
Gjeldande politisk organisering vart vedteke av heradsstyre 28.03.23 (HST-033/23):

Ordførar si løn skal vera tilsvarande 95 % av løna til ein stortingsrepresentant. Varaordførar har 40 % «stilling». Varaordførar skal ha utbetaling tilsvarande 40 % av ordførargodtgjersla. Varaordførar kan frikjøpast opp til 20 % utanom dette. Per i dag, er situasjonen slik at varaordførar er frikjøpt opp til 20 %. Ordførar har fullmakt til å gje frikjøp innanfor dei rammene som er gitt. Varaordførar får ikkje utbetalt anna møtegodtgjersle utover dette.
Leiar i kontrollutvalet får fast godtgjersle tilsvarande 3,5 % av ordførar si godtgjersle. Gruppeleiarane skal ha utbetalt 1 % av ordførar si godtgjersle pga. arbeidet dei gjer i dei ulike politiske gruppene. Her er det utbetaling ein gong per halvår.
Gruppeleiarane får utbetalt vanleg møtegodtgjersle i tillegg til dette. Andre folkevalde får utbetalt godtgjersle per møte. Ungdomsrådet bestemmer si eiga godtgjersle innanfor rammene til ungdomsrådet sitt budsjett. Her er det utbetaling av godtgjersle ein gong per halvår.
Sist endra 14.11.2024 10:29