Utekontakt

Utekontakten i Kvam er eit oppsøkjande og lett tilgjengeleg tilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Tilbodet er for alle ungdomar i kommunen og nettverket deira.

Utekontakten driv oppsøkjande arbeid på ungdomsskulane og Kvam vidaregåande skule, ved å vera tilstades i friminutt og periodar på dagen kvar veke. Utekontakten samarbeider med skulen og skulehelsetenesta.

Utekontakten driftar treffstaden Ungdomsbasen, ein uformell møteplass for aldersgruppa 13–20 år, som er open ein kveld i veka. Ungdomsbasen held til i Norheimsund i Ungdomshallen. Utekontakten er tilgjengeleg på telefon og for avtalar utanom opningstida.

Utekontakten har ei aktiv rolle på følgjande område

  • Ferieaktivitetar for barn og familiar i regi av Ung fritid
  • Deltek i det overordna fritidsfeltet i kommunen
  • Arbeid og planverk til heradet innan førebyggjing om rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar, mellom anna undervising til ungdom og foreldre, oppsøkjande arbeid ved sosiale arrangement i helg og høgtid.
  • Prosjektarbeid som omhandlar medverknad frå ungdom. Ein samarbeider då med ungdomsrådet. Aktuelle prosjekt: Basecamp, Jentebase og Oppvekstkonferanse

Utekontakten marknadsfører tilbodet på sosiale media i tillegg til nettstaden til heradet.

Utekontakten er organisert i Familiesenteret, og har for tida to tilsette, i til saman 1,5 stilling. Ungdomsbasen engasjerer dessutan ungdomar som frivillige medarbeidarar, «Dozers».