For å nå dette målet har me ein felles strategi i Nav med tre ambisjonar:
1. Mobilsering av arbeidskraft til eit arbeidsliv i omstilling
2. Alle skal få pengane dei har krav på enkelt og føreseieleg
3. Me skal finna løysingar saman med dei som treng det mest.
Nav Kvam er ein partnarskap mellom Nav Vestland og Kvam herad. Nav Kvam har ansvar for arbeidsretta oppfølging for personar som treng hjelp for å koma i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Oppfølginga skal vera tilpassa situasjonen til den einskilde. Nav Kvam ynskjer å vera ein føretrekt samarbeidspart for næringslivet og tilby formidling av arbeidskraft, råd og rettleiing i samband med rekruttering, nedbemanning og oppfølging av sjukmelde. Ungdom er ei prioritert gruppe i Nav og frå 1.juli 2023 vart det innført ein ny ungdomsgaranti i Nav, for å sikre tett og god oppfølging av unge mellom 16 og 30 år. Ungdomsgarantien er eit av tiltaka for å motarbeida at gruppa av unge som står utanfor utdanning og arbeid, aukar. NAV Kvam har eit tverrfagleg ungdomsteam som har ansvaret for dette arbeidet.
Nav Kvam har jobbspesialistteam i samarbeid med regionen Voss og Hardanger i tillegg til team for oppfølging av sjukmelde, SYFO team.
NAV Kvam har ansvar for dei sosiale tenestene etter lov om sosiale tenester i Nav.
Det er fem individuelle tenester som skal vera tilgjengelege for alle:
- Opplysing, råd og rettleiing, inkludert økonomisk rådgjeving
- Økonomisk stønad
- Mellombels bustad
- Kvalifiseringsprogam og stønad
- Individuell plan
Flyktningtenesta
Kvam herad har gjennom mange år busett flyktningar. Flyktningtenesta i kommunen er plassert i Nav Flyktningtenesta har ansvar for å gjennomføre konkrete avtalar om busetjing med Integrerings og mangfaldsdirektoratet (Imdi) og å leggja til rette og ta imot dei som kjem til kommunen vår. Integreringslova gjev flyktningane som kjem, krav og rettar til norsk og samfunnsfagopplæring og anna naudsynt kvalifisering for å delta i norsk arbeids- og samfunnsliv. Utgangspunktet for dette arbeidet er utarbeiding av individuelle introduksjonsprogram og planar i samarbeid med kvar einskild flyktning. Koordinering er det viktigaste ansvaret til flyktningtenesta og for å få til god integrering er kjem ein ikkje unna godt tverrfagleg samarbeid med alle tenestene i kommunen. På grunn av krigen i Ukraina er me i ein situasjon der talet busette flyktningar er historisk høge, med tilsaman 126 i åra 2022 og 2023.
Bustadsosialt arbeid
Bustadkoordinator ved Nav Kvam har ansvar for sakførehaving av søknader om startlån og tilskot i tillegg til tildeling av kommunale bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Trivselsvaktmeistrar i tverrfagleg team er eit førebyggjande lågterskeltilbod som gjev tilpassa oppfølging ute i heimane hjå personar som leiger kommunal bustad eller har kommunal garanti for depositum. Bustadsosialt arbeid er eit nytt arbeidsfelt ved NAV Kvam som er lovfest i ny lov frå juli 2023.