Kvammaskulane har pr. 16.10.24 (tal henta frå GSI):
- 973 elevar
- 12,30 årsverk til administrative og pedagogiske leiaroppgåver
- 2,73 årsverk kontorteknisk personale
- 99,66 årsverk til undervisning
- 66,02 årsverk til ordinær undervisning
- 18,37 årsverk fagarbeidarar/assistentar
- 13,89 årsverk knytt til SFO
Skulane i Kvam jobbar godt og samvitsfullt med inkluderande undervisning, variasjon i undervisningsmåtane og å skapa eit trygt og godt skulemiljø. Elevmedverknad er viktig for at elevane skal ha eigarskap til skulen og arbeidskvardagen sin.
Me er nøgde med at me har godt kvalifiserte tilsette, som og søkjer vidareutdanning for å møta kompetansekrava i 2025. Nasjonale prøvar og elevundersøkingane vert følgt opp på skulane, og dei set inn tiltak og mål for kontinuerleg forbetring.
Grunnskulane i Kvam er med i oppfølgingsordninga i regi av Udir og Statsforvaltaren frå hausten 2022-2025. Dette gjer at skulane får hjelp til utviklingsarbeid frå kompetansemiljø innan trygt og godt skulemiljø, inkluderande undervisning og støtte til leiarane.
Me ser at me jobbar ulikt i skulane i Kvam, men me er i utvikling mot ein sterkare Kvammaskule med felles rutinar og samarbeid om utviklingsområde og planleggingsdagar. Samstundes skal den einskilde skule ha rom til å utvikla profesjonelle læringsfellesskap på sin skule i tråd med Kunnskapsløftet 2020.
Alt utviklingsarbeid krev tid og tolmod! I ein så stor organisasjon som skule, tek implementering av nye system, arbeidsmåtar og rutinar tid.
Vaksenopplæringa
Kommunen har og ansvar for opplæring spesielt organisert for vaksne. Vaksenopplæringa er heimla i opplæringslova Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne og introduksjonslova/ integreringslova og skal gje tilbod om:
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova for innvandrarar mellom 18 og 67 år som har opphaldsløyve.
Førebuande opplæring for vaksne som ikkje har vitnemål/tilfredsstillande opplæring frå før, eller treng fornya opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter.
Spesialpedagogisk avdeling for vaksne etter sakkunnig vurdering.
Realkompetansevurdering for vaksne på grunnskulen sitt område.
PPT
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal samarbeida med og støtta skulane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.
PPT er ei lovpålagt teneste og skal:
Støtta og rettleia skulane i å greia ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setja inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst.
Hjelpa til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg.
Utarbeida sakkunnig vurdering der lova eller forskrift til lova krev det. Det gjeld først og fremst når foreldre eller skule vurderer at eleven har behov for individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning) for å få tilfredsstillande utbyte av opplæringa.
Før ei sakkunnig vurdering vert gjort, må skulen i dei fleste tilfelle ha sett inn tiltak i ordinær opplæring for å hjelpa eleven, og evaluert desse.
Tilvising skjer alltid i samråd med føresette og elev så langt det er mogleg, og etter samtykke. Elevar over 15 år skal samtykka til tilvising.