Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Kommunedelplan for energi og klima 2020-2024

Energi- og klimaplan for Kvam Herad 2020-2024 er ei rullering av gjeldande energi- og klimaplan for Kvam frå 2012.

Planen byggjer på planprogram vedtatt av heradsstyret 12.05.2020 sak 037/20.Norconsult AS har vore engasjert som konsulent. Overordna mål er å medverka til å stoppa klimaendringane i tråd med FN sitt berekraftsmål nr 13 og medverka til at Noreg vert eit lågutsleppsamfunn i 2030.

Planframlegget har tre delmål retta mot 1) klimagassutslepp, 2) energi og 3) tilpassing til klimaendringane.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.