Kommunedelplan Kvamskogen - ny arealdel Fristen for innspel til planprogram og framtidig arealbruk var 4. mai 2022. I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 vart det kunngjort oppstart rullering av kommunedelplanen sin arealdel for Kvamskogen den 18.01.22. Framlegg til planprogram vart samtidig lagt ut til offentleg ettersyn. Fristen for å komma med innspel var opprinneleg sett til 15.03.22, den er no utsett til 04.05.22Den 27. april 2022 arrangerte Kvam herad Kvamskogkonferanse på Thon Hotel Sandven, presentasjonane frå konferansen finn du på ei eiga side. FøremålHovudføremålet med rullering av kommunedelplanen er å leggja til rette for heilskapleg og langsiktig utvikling av Kvamskogen som sikrar gode løysingar for utbyggingsområde, næringsutvikling, og å knyta saman områda med betre infrastruktur. Dette samstundes som at omsyn til friluftsområde og natur vert ivareteke. For meir informasjon vert det synt til planprogrammet. I planprogrammet har ein definert tre hovudtema, der dei to fyrste punkta vil vera premissgjevande for punkt 3: 1. Natur, kultur, friluftsliv og landskap 2. Naturfare og klimaendringar 3. Utbygging og næringsaktivitet Føremålet med eit planprogram er å klarleggja premissar og rammer for planarbeidet. Etter høyring og evt. justeringar skal planprogrammet vedtakast. Det fastsette planprogrammet vert lagt til grunn for utarbeiding av planframlegg med konsekvensutgreiing. Plandokument Vedtak oppstart kommunedelplan og off.ettersyn planprogram, FSK-sak 118/21 Framlegg til planprogram Arealstrategiar, vedtkene av Kvam heradstyre sak 122/20 Områdeanalyse Alle registrerte dokument på rullering av kommunedelplanen finn du her: Arkivsaknr 19/1371 - dokument registrert før 18.08.21 Arkivsak 21/12071 - dokument registrert etter 18.08.21 Har du innspel til planoppstart ?Ynskjer du å gje innspel planoppstart ? For planarbeidet er det nyttig å få innspel om endra arealbruk og generelle tilhøve som innbyggjarar, grunneigarar, hyttefolk og andre er opptekne av. Me ber om at fylgjande opplysningar kjem tydeleg fram av innspelet: Områdenamn el gnr/bnr Namn og E-post/tlf-nr på forslagstillar Dato for innspel Noverande planstatus Noverande arealbruk Ditt forslag til arealbruk Di vurdering av forslaget du sender Merk sendinga med KDP Kvamskogen Innspel må leverast skriftleg til Kvam herad innan 04.05.22 Adr: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund el. postmottak@kvam.kommune.no. Mottekne innspel til planoppstart vil verta vurdert og vera del av grunnlaget for utarbeiding av framlegg til ny kommunedelplan for Kvamskogen. Har du merknad til planprogrammet ?Ynskjer du å gje merknad til planprogrammet ? Kvam formannskap har vedteke framlegg til planprogram. Du har no høve til å gje din merknad til det. Merknad må leverast skriftleg til Kvam herad innan 04.05.22 Adr: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund el. postmottak@kvam.kommune.no. Mottekne merknadar vil verta vurderte før planprogrammet vert lagt fram for endeleg avgjerd i Kvam heradstyre. Om det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg handsaming våren 2022. Informasjon om planprosessenKonsulentfirmaet ABO Plan & Arkitektur skal på vegne av Kvam herad utarbeida planframlegget og elles bistå i planprosessen. Kvam herad v/Leiv Ingmar Kaale held open kontordag på biblioteket i Norheimsund den 06.04.22 kl 10-14. I dette tidsrommet vil det vera høve for alle å stilla spørsmål om arbeidet med kommunedelplanen for Kvamskogen. Kvam herad arrangerer ein dagskonferanse den 27.04.22, meir informasjon og påmelding vil verta lagt ut. Målet er m.a. at representantar frå ulike grupper/brukarar/mynde skal få presentera sine syn på utvikling av området. Målet er å samla folk på tvers av fagfelt – slik at alle kan få større innsikt i dei ulike interessene som skal balanserast ved utvikling/forvaltning av området. Når fristen for innspel til planprogrammet er ute (04.05.22), vil innkomne merknadar og innspel verta samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg politisk handsaming. Om det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg handsaming innan sommaren 2022. Når framlegg til ny kommunedelplan for Kvamskogen er utarbeidd skal den godkjennast i Kvam formannskap før den vert lagt ut til off.ettersyn, jf plan- og bygningslova § 11-14. Deretter vil innspela frå høyringsrunden verta vurdert, og truleg vil det medføra det ei justering av planen. Til slutt skal kommunedelplanen leggjast fram for Kvam heradstyre for endeleg vedtak jf plan- og bygningslova § 11-15. Arbeidsmøte i heradsstyret 20. august 2025Den 20. august 2025 var det arbeidsmøte i heradsstyret om kommunedelplanen for Kvamskogen. Turid Verdal og Aina Tjosås møtte frå ABO. Sjå presentasjonane underPresentasjon arbeidsmøte om kommunedelplan (PDF, 492 kB)Presentasjon arbeidsmøte ABO (PDF, 10 MB)Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planarbeidet kan ta kontakt med:Sakshandsamar Leiv Ingmar Kaale, tlf: 56553188 e-post: leikaa@kvam.kommune.noFellessekreteriatet i Kvam herad: tlf: 56553000 postmottak@kvam.kommune.no Publisert 10.03.2022 14:15