Konsulentfirmaet ABO Plan & Arkitektur skal på vegne av Kvam herad utarbeida planframlegget og elles bistå i planprosessen.
Kvam herad v/Leiv Ingmar Kaale held open kontordag på biblioteket i Norheimsund den 06.04.22 kl 10-14. I dette tidsrommet vil det vera høve for alle å stilla spørsmål om arbeidet med kommunedelplanen for Kvamskogen.
Kvam herad arrangerer ein dagskonferanse den 27.04.22, meir informasjon og påmelding vil verta lagt ut. Målet er m.a. at representantar frå ulike grupper/brukarar/mynde skal få presentera sine syn på utvikling av området. Målet er å samla folk på tvers av fagfelt – slik at alle kan få større innsikt i dei ulike interessene som skal balanserast ved utvikling/forvaltning av området.
Når fristen for innspel til planprogrammet er ute (04.05.22), vil innkomne merknadar og innspel verta samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg politisk handsaming. Om det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg handsaming innan sommaren 2022.
Når framlegg til ny kommunedelplan for Kvamskogen er utarbeidd skal den godkjennast i Kvam formannskap før den vert lagt ut til off.ettersyn, jf plan- og bygningslova § 11-14. Deretter vil innspela frå høyringsrunden verta vurdert, og truleg vil det medføra det ei justering av planen. Til slutt skal kommunedelplanen leggjast fram for Kvam heradstyre for endeleg vedtak jf plan- og bygningslova § 11-15.