Nye krav til gjødsling

Frå 1. februar 2025 har det kome nytt regelverk for gjødsling.

Nye fristar for gjødselspreiing

Nye fristar for spreiing i Vestland blir mellom 1. mars og 15. september og gjeld all gjødselvare. Det skal alltid haustast éi avling etter siste gjødsling. Det vert soleis slutt på sein haustspreiing av husdyrgjødsel med nedmolding, slutt på spreiing av pressaft utover hausten og slutt på kommunale forskrifter med utsett spreiing på grasmark. Det er framleis forbode å spreia gjødsel på frosen eller snødekt mark. 

Mange må no planleggja meir spreiing av husdyrgjødsel på vår og tidleg sumar, for å unngå gjødsel som må ut etter siste slått. Kommunen kan ikkje lenger tillata gjødselspreiing etter fristen. Statsforvaltaren får høve til å gjeva dispensasjon, men berre i særskilde fall.

I 2025 og 2026 er det ei overgangsordning med fristar 15. februar og 15. september, og høve til å spreia med nedmolding fram til 1. november. Dei som har for lite lager, har i tillegg overgangsordning ut 2028 med høve til å spreia med nedmolding fram til 1. november. Dette gjeld berre dersom det ikkje er vesentlege endringar i drifta, til dømes omlegging til lausdrift eller installering av mjølkerobot.

Gjødsling av innmarksbeite

Kommunen må godkjenna innmarksbeite som skal gjødslast.  Dette gjeld både for mineralgjødsel og husdyrgjødsel. All bruk av husdyrgjødsel på innmarksbeite krev godkjenning frå kommunen. Dei som har dokumentasjon med tidlegare godkjenning frå kommunen slepp normalt ny godkjenning. Sakførehaving skal opna for gjødsling der det er ynskeleg, og skjerma mot gjødsling det det ikkje er ynskt.

Mineralgjødsel kan som ei overgangsordning verta spreidd på innmarksbeite utan godkjenning i 2025–2027 dersom gjødslingsplan for 2022 eller 2023 syner bruk av mineralgjødsel på det aktuelle beitet. I andre tilfelle må kommunen godkjenna innmarksbeitet som spreieareal før bruk av mineralgjødsel.

Søknad om godkjenning av spreieareal (DOCX, 26 kB) 

Fråstand til vassdrag

Det er krav om minst to meter gjødslingsfri sone mot vassdrag, som tidlegare har vore vanleg praksis. For innmarksbeite er denne sona utvida til seks meter.

Redusert gjødsling med fosfor

Gjødsling med fosfor vert no kraftig innskjerpa. Frå 2025 er maksimal mengd fosfor 3,5 kg per dekar, og 2 kg per dekar for innmarksbeite. Dette er summen av fosfor frå mineralgjødsel, husdyrgjødsel og andre gjødselslag. Kravet vert vidare vesentleg innskjerpa med gradvis nedtrapping frå 2027 til 2033. Dette tyder at bonden må spreia husdyrgjødsla over eit større areal, og bruke mineralgjødsel utan fosfor.

For 10 mjølkekyr på innefôring eller beite på innmark trengte ein i fjor å spreia husdyrgjødsla på 40 daa spreieareal. Frå 2025 trengst 43 daa spreieareal for dei same dyra, frå 2027 trengst 54 daa, med gradvis opptrapping til 65 daa i 2033. Dersom ein treng å bruka mineralgjødsel med fosfor, trengst større areal.

Gjødslingsplan 2025

Nye krav til gjødslingsplan trer i kraft neste år. I 2025 er det same krav til gjødslingsplan som tidlegare, sjå eldre informasjon om krav til gjødslingsplan. Hugs at gjødslingsplanen må oppdaterast eller vera ny for 2025. Alle som har gjødslingsplan med husdyrgjødsel på innmarksbeite, må senda søknad og få godkjenning av kommunen før gjødslinga startar i 2025, eller kunne dokumentere tidlegare godkjenning.

Nye krav til gjødslingsplan, journal og dokumentasjon frå 2026

Frå neste år må alle som disponerer og gjødslar over 25 dekar eller over 5 dekar med potet/grønsaker, ha gjødslingsplan. Gamle vedtak om fritak for gjødslingsplan kjem til å falla bort frå 2026. Det vert òg nytt at alle gardsbruk som gjødsler jorda, skal føra journal over utført gjødsling, ogso dei aller minste. Vidare vert det konkrete krav til at både den som leverer, og dei som tek i mot husdyrgjødsel frå andre må ha dokumentasjon på dette.

Strengare reglar for utandørs husdyrhald

Utandørs husdyrhald må drivast slik at ein unngår opphoping av gjødsel og fare for ureining. Konkret kan ikkje fôringsplassar ligge på same stad over lang tid, og dei må også plasserast i god avstand frå vassførekomstar og dreneringssystem. For permanent utandørs luftegard, fôringsplass, liggeplass, drikkeplass m.v. er det no krav om å samla opp gjødsla og ta henne bort minst éin gong i vekstsesongen og éin gong om hausten.

Det er ikkje lov å gjødsla areal som ikkje vert hausta

Alt areal som vert gjødsla, skal haustast. Det er også krav om hausting ved slått eller beiting etter spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Ved kontroll på om føretaket har nok spreieareal er det berre det arealet som faktisk er gjødsla med husdyrgjødsel, som blir godkjent som spreieareal.

Kan søkja dispensasjon

Det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå den nye forskrifta, og Statsforvaltaren kan setja strengare krav til lagring og bruk av gjødsel der vassmiljømåla ikkje er nådd. Det er òg høve til å søkja Statsforvaltaren om å nytta balansegjødsling for fosfor eller ekstra husdyrgjødsel i fosforfattig jord. Kommunen kan gje løyve til bruk av husdyrgjødsel på anna areal for å opparbeide nytt beite.

Reaksjon ved brot på regelverket

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan eller ulovleg spreiing av gjødsel har tidlegare vore straffa med trekk i tilskot. Reaksjonar for brot på det nye regelverket vil normalt vera gebyr etter forureiningslova, matlova eller folkehelselova. For alvorlege brot kan også anna regelverk gjera seg gjeldande. Trekk i tilskot er framleis aktuelt i tillegg, men no grunna brot på anna regelverk enn produksjonstilskotsregelverket.

Informasjonen er henta frå Statsforvaltaren i Vestland: Nye krav til bruk av gjødsel 

Sjå føresegn for lagring og bruk av gjødsel
 

Thea Helena Opheim
Sakshandsamar landbruk
E-post
Telefon 56 55 06 19
Mobil 95 96 94 11