Tenesteskildring for Kvam kulturskule

Kvam kulturskule har til mål å gje innbyggjarane i Kvam fullverdig undervisning innan ulike kulturelle utrykk slik at kvar einskild elev får høve til å utvikla sine kunstnariske evner og anlegg, og til å oppleve og verdsetje kunst og kultur. Kulturskulen skal bidra til å gje heradet eit positivt miljø ved å skapa grobotn for verdfulle og varige aktivitetar innan kunst og kultur.

Kvam kulturskule har som mål å gje tilbod til alle som ynskjer det (ope opptak), men kan ha ventelister dersom økonomien eller tilgang på lærarkrefter tilseier dette. 
Søkjarar under 20 år vert prioritert fyrst ved oppstart av kvar nytt skuleår. Elevar som er eldre enn 20 år kan risikere å miste elevplassen ved oppstart av nytt skuleår dersom det ikkje er pedagogisk eller økonomisk kapasitet til desse elevane.

Kvam kulturskule kan også selja tenester til frivillige organisasjonar i Kvam herad.

  • For å få elevplass ved Kvam kulturskule, må ein søkja elevplass på søknadsportalen. Søknadsfristen er 1. juni.
  • Dersom ein ynskjer å behalda elevplassen skuleåret etter må ein stadfeste dette i re-registreringsportalen. 
  • Dersom ein ynskjer å seie opp elevplassen for vårsemesteret må dette gjerast skriftleg (t.d. e-post) til kulturskulerektor (anneik@kvam.kommune.no) innan 1. desember semesteret før.

Elevane ved Kvam kulturskule får undervisning i den disiplinen dei er tildelte plass i. Elevane får også tilbod om å delta på ymse arrangement i regi av kulturskulen eller der Kvam kulturskule er deltakar.

Prosjektveker 
Somme veker kan skulen ha prosjekt å arbeida med, t.d. framsyningar av ymse slag. I desse vekene kan ordinær undervisning gå ut. Tilbodet til elevane i desse vekene vert å delta på framsyningar anten som deltakar eller som publikum.

Skuleåret 
Ordinært undervisning i Kvam kulturskule følgjer skuleruta for grunnskulen. Den fyrste veka etter sumarferien er sett av til informasjonsmøter og timeplanlegging. Den siste skuledagen før juleferie og sumarferie er det undervisningsfri i kulturskulen. Visuelle kunstfag har konsentrert skuleår der undervisninga går over 11 veker pr. semester. 

Utstyr: Det vert forventa at musikkelevane held instrument og lærebøker sjølve. Enkelte instrument kan leigast hjå Kvam kulturskule. Nye elevar har fyrsterett til utleigeinstrumenta.

Kva vert forventa av dei tilsette:

  • At dei tilrettelegg undervisninga til beste for eleven.
  • At dei har fagleg og pedagogisk kompetanse og nyttar denne.
  • At elevar og føresette vert møtte på ein profesjonell, respektfull og høfleg måte.
  • At dei arbeider systematisk for å utvikla eleven sine kunstnarlege evner.

Kva vert forventa av dei føresette:

  • At dei samarbeider med kulturskulen til beste for eleven.
  • At dei møter til eventuelle konferansetimar om eleven si utvikling.
  • At dei tilrettelegg for at eleven på best mogleg måte får trena og utvikla seg på sitt kunstutrykk i kvardagen som m.a. øving heime.  

Kva vert forventa av eleven:

  • At dei møter presist til undervisninga.
  • At dei gjev melding til læraren dersom dei vert forhindra til å møta til undervisning.
  • At dei er førebudde til undervisninga.

Pris: Elevbetaling vert fastsett av heradsstyret og gjeld for eit skuleår. Frå august 2021 gjeld fylgjande prisar. 

Syskenmoderasjon er på 25 %. Syskenmoderasjon gjeld også for alle disiplinar dersom ein har fleire disiplinar.

Dersom skulen lyt avlyse planfaste undervisningstimar meir enn to gonger kvart semester kan eleven søkja om å få refundert ein del av skulepengane.

Påmeldinga er bindande for eit semester. Med bindande meinast at elevplassen må betalast dersom ein ikkje melder seg ut innan fristane, sjølv om ein ikkje nyttar elevplassen. Utmeldinga skjer ved melding til kulturskulerektor innan 1. desember for vårsemesteret og ved re-registrering innan 1. mai for haustsemesteret. Eleven mistar elevplassen ved semesterskifte ved årsslutt dersom ein ikkje stadfestar at ein fortsetter neste skuleår.

Heimselsgrunnlag for tenesta:

Opplæringslova 17.07.98 nr. 61 § 13-6: Musikk- og kulturskoletilbod : «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles»

Om noko ikkje fungerer
Dersom ein ikkje er nøgd med undervisninga må ein ta kontakt med kulturskulelærar. Dersom ein framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med kulturskulerektor, neste instans er sjef for eininga Samfunn, næring og kultur.

Klage
Avslag på søknad om opptak kan klagast til Kvam herad. Klagen skal sendast om rektor i kulturskulen.