StøttekontaktKva tilbyr me?Ein støttekontakt tilbyr blant anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan bli med deg og gå tur, gå på kafe, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt ut frå dine behov.Formålet med ein støttekontakt er at du som søkjar skal få ei meiningsfull fritid saman med andre.Støttekontakt kan gjevast på to måtar:individuell støttekontaktdeltaking i ei aktivitetsgruppeStøttekontakten har vanlegvis ingen spesiell fagleg bakgrunn, men får tilbud om veiledning frå fagfolk.Kven kan få tilbudet?Du må vera sosialt isolert, ha vanskar med å koma i kontakt med andre eller trenga ledsager for å koma deg ut.Kva kostar det?Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar betalar du sjølv.Slik søkjer duSøknadsskjemaMeir om søknaden her.Du kan ha rett på følgjekort, som gjer at støttekontakten din får gratis inngang på arrangement som godtek følgjekort.Lovar og reglarLov om kommunale Helse- og omsorgstjenester § 3-1 og 3-2 nr 6 bPasient og brukarrettighetslova § 2-1 aKlageMeir om klage på helse- og omsorgtenester.. Publisert 12.03.2018 10:11