Kvam rehabilitering- og behandlingsavdelingAvdelinga er ei korttidsavdeling med 16 einerom på Toloheimen i Norheimsund. Pasientar kjem både frå sjukehus og frå heimen. Avdelinga gjev tilbod til personar frå heile kommunen.Kva tilbyr me?Utgreiing og behandling innanfor vårt kompetansenivå.Rehabilitering: Tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemiddel. Fleire aktørar samarbeider om å hjelpa brukaren til sjølv å oppnå best mogeleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.Hjå oss får rehabililteringspasientar fysioterapi 5 dagar i veka. I tillegg ligg det til rette for eigentrening. Avdelinga har ergoterapeut.Avlasting: Pårørande og omsorgspersonar som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver for den pleietrengjande og treng avlasting for å avvikla ferie og fritid.Palliasjon Me skal leggja til rette for å gje god symptomlindring, god pleie og omsorg for pasientar mot slutten av livet. Hjå oss har me sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftomsorg og palliasjon.Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØDH). Tenesta er eit alternativ til innlegging i sjukehus for nokre pasientgrupper som kan få eit like godt eller betre tilbod gjennom ØHD. I Kvam har vi ei ØHD seng som er lokalisert på Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling i Norheimsund. Innlegging i denne senga vert avklart av fastlege/legevakt i dialog med avdelinga.Kven kan få tilbodet?Rehabilitering:Tilbod for vaksne over 18 årpasient må vera ferdig diagnostisert og ferdigbehandla av fastlege eller sjukehusdet må vera klarlagt at pasienten i utgangspunktet har eit rehabiliteringspotensialepasienten må vera kognitivt i stand til å gjennomføre trening etter instruksjon og vera motivert for stor eigeninnsatspasientens behov må samsvara med den kompetansen me til ei kvar tid har i avdelingaUtgreiing og behandling:Tilbod til pasientar som i eit avgrensa tidsrom treng:vidare behandling eller oppfylgjing etter sjukehusopphald medisinsk behandling innanfor vårt kompetansenivåå avklara hjelpebehov eller omsorgsnivå etter akutt eller kronisk sjukdom for pasientar frå primærhelsetenesta i kommunenomfattande pleie eller omsorg Kva kostar det?Korttidsopphald i institusjon- opp til 60 dagar pr kalenderår- kostar 185 kroner for døgnet (per 2023) . Dette inkluderer alle måltid, medisinsk behandling, medikament og fysio- og ergoterapitenester. For opphald utover 60 dagar gjeld andre satsar. Slik søkjer duSøknadsskjemaMeir om søknaden her.Lover og reglarDu kan lese om rettane dine her:Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 aHelse- og omsorgstenestelovaKlageDu finn meir informasjon her. Publisert 06.12.2017 14:52