Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling

Avdelinga er ei korttidsavdeling med 16 einerom på Toloheimen i Norheimsund. Pasientar kjem både frå sjukehus og frå heimen. Avdelinga gjev tilbod til personar frå heile kommunen.

Kva tilbyr me?

  • Utgreiing og behandling innanfor vårt kompetansenivå.
  • Rehabilitering: Tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemiddel. Fleire aktørar samarbeider om å hjelpa brukaren til sjølv å oppnå best mogeleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.
  • Hjå oss får rehabililteringspasientar fysioterapi 5 dagar i veka. I tillegg ligg det til rette for eigentrening. Avdelinga har ergoterapeut.
  • Avlasting: Pårørande og omsorgspersonar som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver for den pleietrengjande og treng avlasting for å avvikla ferie og fritid.
  • Palliasjon  Me skal leggja til rette for å gje god symptomlindring, god pleie og omsorg for pasientar mot slutten av livet. Hjå oss har me sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftomsorg og palliasjon.
  • Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØDH). Tenesta er eit alternativ til innlegging i sjukehus for nokre pasientgrupper som kan få  eit like godt eller betre tilbod gjennom ØHD.  I Kvam har vi ei ØHD seng som er lokalisert på Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling i Norheimsund. Innlegging i denne senga vert avklart av fastlege/legevakt i dialog med avdelinga.

Kven kan få tilbodet?

Rehabilitering:

Tilbod for vaksne over 18 år

  • pasient må vera ferdig diagnostisert og ferdigbehandla av fastlege eller sjukehus
  • det må vera klarlagt at pasienten i utgangspunktet har eit rehabiliteringspotensiale
  • pasienten må vera kognitivt i stand til å gjennomføre trening etter instruksjon og vera motivert for stor eigeninnsats
  • pasientens behov må samsvara med den kompetansen me til ei kvar tid har i avdelinga

Utgreiing og behandling:

Tilbod til pasientar som i eit avgrensa tidsrom treng:

  • vidare behandling eller oppfylgjing etter sjukehusopphald 
  • medisinsk behandling innanfor vårt kompetansenivå
  • å avklara hjelpebehov eller omsorgsnivå etter akutt eller kronisk sjukdom for pasientar frå primærhelsetenesta i kommunen
  • omfattande pleie eller omsorg         

Kva kostar det?

Korttidsopphald i institusjon- opp til 60 dagar pr kalenderår- kostar 185 kroner for døgnet (per 2023) . Dette inkluderer alle måltid, medisinsk behandling, medikament og fysio- og ergoterapitenester.  For opphald utover 60 dagar gjeld andre satsar. 

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Meir om søknaden her.

Lover og reglar

Du kan lese om rettane dine her:

Klage

Du finn meir informasjon her.

Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling

Telefon 902 89 439

Mobil 910 04 700

Adresse

Toloheimen
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund

Anne Lise Neteland

Gruppeleiar
Telefon 481 54 123
E-post alne@kvam.herad.no

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.