Er du mottakar av heimebaserte tenester i Kvam herad?
No kan du kommunisera med heimehjelpa og heimesjukepleia via nettstaden helsenoreg.no. Her finn du oversikt over alle dine avtaler, og kan raskt, trygt og enkelt endra på tenester, til dømes avbestilla heimehjelp.
På nettstaden helsenoreg.no finn du ei samla oversikt over helse- og omsorgstenestene du brukar, inkludert tenestene du får i heimen din.

- Senda meldingar til heimebaserte tenester i kommunen
- Avbestilla besøk eller avtaler du ikkje treng
- Sjå oversikt over planlagde besøk i kalenderen
Kven er på helsenoreg.no?
- Kommunehelsetenester
- Fastlegar
- Sjukehus
Krev MinID som innlogging
Logg inn med BankID, BankID på mobil, Buypass ID eller Commfides e-ID på helsenoreg.no. Dette er innlogging med tryggjingsnivå 4, og det er dermed råd å utveksla sensitive opplysingar.
Fullmakt
Pårørande kan få tilgang til tenestene med fullmakt frå brukaren.
Alt på ein stad
Helsenoreg.no er alltid open. Meldingane du sender vert lagra, slik at du har oversikt over alle meldingar du har sendt og motteke. Du får varsel på SMS eller e-post når du har fått ei ny melding på helsenoreg.no. I kalenderen kan du sjå avtalene dine og du kan avtinga dei du ikkje treng.
Har du spørsmål?
Du finn meir informasjon om innlogging og bruk på helsenoreg.no. På YouTube-kanalen til Helsenoreg kan du sjå informative videoar om tenesta.
For meir informasjon om tenesta i Kvam herad, kontakt prosjektleiar for innføring av DigiHelse Anne Lise Neteland. Telefon: 56553096 / 41563102, e-post: alne@kvam.kommune.no
Brosjyre i PDF-format
Kvam herad har også laga eit lite opplysingsark (PDF, 2 MB) om helsenoreg.no, som du kan lasta ned i PDF-format.