Koordinator og individuell planDersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har du rett til koordinator og få oppretta ein individuell plan (IP). Du har rett til å få koordinator sjølv om du ikkje ynskjer IP.Kva tilbyr me?Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfylging og samordning av tenestetilbodet til brukar og eventuelt næraste pårørande. Den skal og sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinatoren vert oppnemnd i forbindelse med individuell plan, men den skal og bli tilbydd om brukar takkar nei til individuell plan.Individuell plan (IP) er eit koordineringsverktøy og eit planleggingsdokument som skal lagast i samarbeid mellom brukar, og eventuelt næraste pårørande, og tenesteytarane. Brukaren sine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Slik søkjer duSøknadsskjemaEit ynske om koordinator eller individuell plan kan fremjast både munnleg og skriftleg av brukar over 16 år, foreldre eller den som samtykkjer på vegner av brukaren.Lover og reglarHelse- og omsorgtjenesteloven § 7-2Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5Barnevernsloven § 15-9Sosialtjenesteloven § 28 (+ § 33)Nav-loven § 15Den individuelle planen gjev ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følgjer av reglar som gjeld elles. KlageDersom du får avslag på søknaden din, vil me grunngje dette i svaret. I svaret vil du få informasjon om korleis du klagar og klagefrist. Følg denne lenka til Klage på helse og omsorgstenester Publisert 06.12.2017 14:56