Koordinator og individuell plan

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har du rett til koordinator og få oppretta ein individuell plan (IP). Du har rett til å få koordinator sjølv om du ikkje ynskjer IP.

Kva tilbyr me?

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfylging og samordning av tenestetilbodet til brukar og eventuelt næraste pårørande. Den skal og sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinatoren vert oppnemnd i forbindelse med individuell plan, men den skal og bli tilbydd om brukar takkar nei til individuell plan.

Individuell plan (IP) er eit koordineringsverktøy og eit planleggingsdokument som skal lagast i samarbeid mellom brukar, og eventuelt næraste pårørande, og tenesteytarane. Brukaren sine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Eit ynske om koordinator eller individuell plan kan fremjast både munnleg og skriftleg av brukar over 16 år, foreldre eller den som samtykkjer på vegner av brukaren.

Lover og reglar

Helse- og omsorgtjenesteloven § 7-2

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5

Barnevernsloven § 15-9

Sosialtjenesteloven § 28 (+ § 33)

Nav-loven § 15

Den individuelle planen gjev ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følgjer av reglar som gjeld elles.  

Klage

Dersom du får avslag på søknaden din, vil me grunngje dette i svaret. I svaret vil du få informasjon om korleis du klagar og klagefrist. Følg denne lenka til Klage på helse og omsorgstenester

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no