Vaksinasjon vernar mot alvorleg influensa.
Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar årleg.
Influensa i svangerskapet gir noko auka risiko for dødfødsel. Gravide er òg meir utsette for følgjesjukdommar, som til dømes lungebetennelse, enn andre friske kvinner. Influensa hos spedbarn kan vere alvorleg. Vaksinasjon av mor under graviditeten vernar mor under svangerskapet og gir barnet vern mot influensa den første tida etter fødselen.
Influensavaksine bør takast årleg fordi influensavirus endrar seg heile tida og vaksina blir tilpassa desse endringane kvart år. Effekten av influensavaksinen varierer frå år til år, men ligg i gjennomsnitt på om lag 60 prosent. Det vil seie at om lag 60 prosent av dei vaksinerte er verna mot influensasjukdom. Effekten av vaksina minkar òg over tid.
Koronavaksine gjev godt vern mot alvorleg koronasjukdom.
Vaksinen vernar ikkje fullstendig mot å bli smitta eller smitte vidare. Vernet du har oppnådd etter tidlegare vaksinedosar eller etter gjennomgått sjukdom, vil bli svakare over tid. FHI rår difor til at dei som er mest utsette for alvorleg koronasjukdom, tar ein ny dose før vintersesongen 24/25. Det er den oppdaterte vaksina Comirnaty Omicron JN.1 som vert tilbudt i haust. Denne vaksina dekkjer undervariantar av koronaviruset, omikron som sirkulerer no.
«Bivirkningar frå influensavaksine» skal endrast til «Bivirkningar frå influensavaksine og koronavaksine»
Alle legemiddel og vaksinar kan gje biverknader, men det er ikkje alle som får det. Dei fleste biverknadene oppstår dei første dagane etter vaksinasjon og er oftast milde til moderate og går over etter nokre dagar. Nokon kan få kraftigare symptom.
Vaksine mot influensa har vore i bruk i mange år og har generelt få biverknader. Injeksjonsvaksine mot influensa kan gi ømheit, raudheit og hevelse på stikkstaden. I nokre tilfelle kan han også gi feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter. Allergiske reaksjonar eller andre alvorlege biverknader skjer svært sjeldan.
Injeksjonsvaksine mot koronavirus kan ha biverknader som smerte og heving på stikkstaden, trøyttleik, hovudverk, diaré, muskelsmerter, frysingar, utmatting, leddsmerter og feber. Alvorlege biverknader er sjeldne. Helsestyresmaktene har kontinuerleg overvaking av moglege biverknader for alle vaksinar.
«Meir informasjon om influensavaksinering» skal endrast til «Meir informasjon om influensa- og koronavaksinasjon» Legg inn følgjande lenker, med tekst som i parentes:
https://www.fhi.no/contentassets/fcb018325c1d422f9199835010c2c807/vedlegg/norsk-nynorsk-norwegian_koronavaksine.pdf (Informasjon om koronavaksine)
infoskriv-nynorsk-influensavaksine-risikogrupper.pdf (Informasjon om influensavaksine)
Infoskriv-gravide-nynorsk-influensa-korona.pdf (Informasjon om influensavaksine og koronavaksine til gravide)
informasjon-foreldre-nynorsk-influensavaksine-barn.pdf (Informasjon om influensavaksine til barn)