Koordinerande eining (KE)Koordinerande eining er eit kontaktpunkt for samarbeid internt og eksternt. Eininga skal gi informasjon til brukarar og pasientar som har behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering (følg lenka for å koma til helsedirektoratet si nettside).Kva tilbyr me?Koordinerande eining skal: Ta imot og svare på spørsmål i forhold til kva tenester du kan få i det offentlege hjelpeapparatet. Ta imot og behandla søknad frå deg som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator. Ta imot og behandle søknadar frå samarbeidspartar, internt og eksternt, som er i kontakt med personar som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator Vera ein pådrivar og eit kontaktpunkt for samarbeid eksternt og internt på tvers av fagområde og nivå (for eksempel med spesialisthelsetenester, og mellom ulike tenester i eigen kommune). Ha det overordna ansvaret for arbeid med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar og barnekoordinatorar. Bidra til å sikra heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Lovar og reglarKoordinerande eining er ei lovpålagt oppgave: Lov om helse og omsorgstenester § 7-3 Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenesterKlageLes meir om klage her. Publisert 09.01.2018 14:03