Velkomen til Kvam kulturskuleKvam kulturskule har som mål å gje barn og unge, samt vaksne i Kvam fullverdig undervisning innan ulike kulturelle utrykk slik at kvar einskild elev får høve til å utvikla sine kunstnariske evner og anlegg, og til å oppleve og verdsetje kunst og kultur. Ofte stilte spørsmål til KulturskulenKva fag har de i Kulturskulen?Me har omlag 40 ulike disiplinar som me tilbyr undervisning i. Sjå oversikta over faga våre her.Kva aldersgruppe er Kulturskulen for?Kvam kulturskule har elevar i alderen 4 til 70 år! Dei fleste tilboda våre er tilpassa born i grunnskulealder. Alle born er ulike. Både når det gjeld motivasjon, evne til å ta instruksjon, motorikk osb. Nokre born er klare og motiverte for å lære seg eit instrument som 1.klassing. Andre ventar til dei er ni eller ti år. Då er ofte motorikken på topp og læreevna stor. Det finnast altså ikkje noko eintydig fasitsvar på kva tid det er lurt å starte. Men det skal vere kjekt! På nokre av faga våre står det aldersanbefalingar eller aldersgrenser. Me tek også i mot vaksne elevar! Send oss ein søknad!Søkjarar under 20 år vert prioritert. Vaksne får plass dersom det er ledig kapasitet.Kan vaksne søkje om plass i Kulturskulen?Ja!I jente-/damekoret vårt er det plass til jenter frå 12 år og oppover!Også i andre disiplinar er vaksne velkomne til å søkje. Ein skal likevel merke seg at søkjarar under 20 år har prioritert plass. Det vil seie at vaksne får tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet når alle borna har fått plass. Det gjeld eigne prisar for vaksne elevar.Må ein ha eige instrument for å vere elev i Kulturskulen?For å kunne øve heime mellom kvar speletime er elevane avhengige av å ha eit instrument heime dei kan øve på. Kulturskulen har ein ein del småinstrument mellom anna blåse-, strenge- og strykeinstrument til utleige. Spør om dette når du melder deg inn. Sjå prisliste her.Kvar vert det undervist i dei ulike faga?Du finn administrasjonen vår i Høgenæsgården, i Norheismund sentrum, Sandvenvegen 18. Elles har Kulturskulen undervisning i alle skulekrinsar i heradet.Me i Kulturskulen ynskjer å gje elevane undervisning så nær heimen/skulen sin som råd. Me har i skuleåret 25/26 undervisning i alle skulebygder. Strandebarm, Norheimsund, Øystese og Ålvik. Kva som vert undervist i på kvar skulestad komande skuleår er avhengig av søknadsmassen.For å kunne starte opp med undervisning på ein stad må me ha nok elevar til å kunne forsvare å ha ein lærar der. Send inn ein søknad på det de aller helst vil ha plass på, skriv evt. ein merknad om kva undervisningsstad de ynskjer.Kva er re-registrering?Kvar vår får alle elevane i kulturskulen e-post om at det er tid for å re-registrere seg. Med det meinar me at ein stadfestar at eleven vil behalde elevplassen sin også neste skuleår. Det er også på denne tida at ein melder seg at dersom ein ikkje vil halde fram . Dette gjer ein ved å logge inn i speedadmin. Spørsmål kan rettast til anneik@kvam.kommune.no Kva kostar det å vere elev?Ei oversikt over prisar finn du her.Ein kan bruke Fritidskortet til å betale deler av kulturskuleavgifta. Les meir om fritidskortet her. Korleis betalar ein for plassen i kulturskulen?Ein kulturskuleplass vert fakturert ein gong kvart semester. Haustsemesteret vert fakturert i september. For våren i starten av februar.Faktura vert sendt til den som står oppført som betalar hjå kvar elev, og de får den tilsendt på same måte som de får andre fakturaer frå Kvam herad. (som vatn, feiing, SFO ol.) Kanskje får de den direkte i nettbanken? Dette kan vere verd å merke seg i fall de har tenkt å bruke fritidskortet til å betale heile eller deler av rekningen. Les meir om korleis ein brukar fritidskortet her.Kan ein bruke fritidskortet til å betale semesteravgifta i kulturskulen? Ja! Me er glade for den flotte ordninga me har i Kvam med fritidskortet. Ordninga inneber at born og unge mellom 6 og 18 år som er busette i Kvam får 1.100 kroner i halvåret til å betala deltakaravgift for faste, organiserte fritidsaktivitetar. På lista over aktivitetar i Kvam finn du også Kvam kulturskule. Faktura frå kulturskulen vert sendt ut på same måte som du får andre kommunale fakturaer, så for å nytte fritidskortet må du evt. då finne faktura i nettbank og betale den manuelt der. Les meir om korleis du nyttar fritidskortet her. Sist endra 28.08.2025 14:31