PPT er ei lovpålagt teneste og skal:
- Støtta og rettleia skulane i å greia ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setja inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst.
- Hjelpa til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg.
- Utarbeida sakkunnig vurdering der lova eller forskrift til lova krev det. Det gjeld først og fremst når foreldre eller skule vurderer at eleven har behov for individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning) for å få tilfredsstillande utbyte av opplæringa.
- Før ei sakkunnig vurdering vert gjort, må skulen i dei fleste tilfelle ha sett inn tiltak i ordinær opplæring for å hjelpa eleven, og evaluert desse.
- Tilvising skjer alltid i samråd med føresette og elev så langt det er mogleg, og etter samtykke. Elevar over 15 år skal samtykka til tilvising.
Korleis få hjelp frå PPT?
For støtte og rettleiing i behov for tilrettelegging, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, kan skulane ta kontakt med PPT og be om det. PPT er også med på spesialpedagogisk team på alle skulane, der lærarane kan ta opp elevar anonymt som dei er uroa for. Etter eit slikt møte kan skulen og PPT saman finna ut om me kan hjelpa innanfor ordinær opplæring eller om eleven bør tilvisast til PPT. Det skjer alltid etter samtykke frå føresette og elev over 15 år.
Foreldre har også ein sjølvstendig tilvisingsrett og kan ta direkte kontakt med PPT.
Du finn PPT-kontoret i KFL-bygget i Norheimsund, 2. etasje. Dette er nybygget til rådhuset, Grovagjelet 16.
Skjema i Word-format:
Skjema i PDF-format:
Tilvising til PPT, systemarbeid:
PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091.