Visjonsdokument

Visjonen byggjer på samspel, engasjement, vilje til å få til noko, og å vera rause og tolerante med kvarandre. Eit godt ord for dette er «skapa». Å skapa noko betyr å forma, danna eller la noko bli til. Ved å byggja vidare på styrkene som ligg i vår historie, identitet, og kultur skal me skapa ei framtid i Kvam.

Sjølv om kommunen sitt samfunnsoppdrag endrar seg i eit roleg tempo, endrar omgjevnadane seg i eit større tempo. Menneske, teknologi, infrastruktur, næringar, trendar og haldningar er i kontinuerleg endring. Visjonen vår må difor reflektera at me fylgjer med i tida, at me er kreative og viser innovasjonsvilje. Ein kommune med rett porsjon risikovilje, der ein tørr prøva nye ting som er verdt å leggja merke til. Ein kommune som skal skapa ei oppsiktsvekkjande framtid.

Hovudmål 

«Vidareutvikla eit robust og pulserande regionsenter som knutepunkt mellom Hardanger og Bergensregionen.» 

Veksten i Kvam vil ikkje koma av seg sjølv. Urbanisering er ei megatrend på verdsbasis og vil halda fram. Staten følger den opp med sentralisering. Folkerike stadar får tildelt meir av dei statlege inntektene, og stadar utan vekst i folketal får mindre midlar til tenesteproduksjon. Kvam må kjempa for at ikkje dei store infrastruktursatsingane skal gå utanom Kvam i framtida. Statlege arbeidsplassar vert konsentrert rundt byane eller «satellittbyane» rundt Bergen. Det meste av arbeidsplassetablering vil òg skje i og rundt dei største sentra og då helst i dei kystnære stroka.

Kvam vil måtta ta ein posisjon som noko anna. Noko som skil seg ut.

Me må ha fokus på å vidareutvikla vårt eige regionsenter for å kunne vera ei motvekt og eit attraktivt alternativ til sentralisering. Eit sterkt regionsenter i samspel med lokal- og nærsentra i kommunen gjev grunnlag for gjensidig vidareutvikling og styrking av heile Kvam. Eit sterkare Kvam kan lettare ta del i den vekst og utvikling som skjer nær Bergen og kysten.

Norheimsund er ein relativt liten tettstad, som likevel har status som regionsenter i Hordaland. Det attraktive ved Norheimsund er det tette og kompakte sentrum, med eit spennande og variert bu-, handels-, kultur- og fritidstilbod. Med regionsenteret som kjerne, må området Laupsa-Øystese-Steinsdalen-Norheimsund-Vikøy vidareutviklast til «Tettstaden Kvam», som ein endå meir attraktiv stad med potensiale for å tiltrekkja seg fleire kreative og skapande folk. «Tettstaden Kvam» har mange attraktive område for variert busetnad. Kvam er eit naturleg val for aktive barnefamiliar som ynskjer seg eit liv utanfor bykjerna.

Eit spennande regionsenter skal ha varierte tilbod på ein slik måte at flest mogleg finn dette attraktivt. Det vil dermed vera viktig å finna den rette balansegangen mellom eit rikt frivillig organisasjonsliv og mindre bindande tenester som kan ”kjøpast” slik at dei fleste behov kan oppfyllast. Regionsenteret skal opplevast som «bygda med bypuls» og eit attraktivt turistmål.

Nordmenn vil sannsynlegvis framleis ha god kjøpekraft også i framtida. Me må byggja vidare på vår sterke identitet og kultur i Hardanger og gjera den til noko meir. Kvam er ein «inngangsportal» til folk som ynskjer å oppleva merkevara Hardanger, ei merkevara som må vidareutviklast i samarbeid med resten av Hardanger.

Kvam sitt varierte næringsliv med jordbruk, industri og handel kopla med eit rikt kultur- og organisasjonsliv gjev eit mangfaldig og levande samfunn, og kan danna grunnlaget for ei ny satsing. Vekst og opplevingar kan skapast gjennom møte og samarbeid mellom menneske, lag og organisasjonar, bedrifter, bransjar, bygder, kommune og regionar.

Opplevingsøkonomien kan bli den raskast veksande næringa i Kvam, og den skal dyrkast på dei fire T’ane: Talent, toleranse, trivsel og teknologi. Ei slik klar profilering skal sørgja for at regionsenteret Norheimsund, Kvam og regionen Hardanger framleis vil ha ein sterk posisjon i Hordaland. Eit lokalsamfunn som tar mål om seg å vera ein faneberar innan opplevingsøkonomien er avhengig av klusterdanning innan kreative næringar. Kunden si oppleving som det verdiskapande element må vera ein kultur gjennomsyra i alt av det me driv på med. Opplevingar vert produsert av verksemder og institusjonar som er tilknytt til dømes kultur, kunst, natur, sport, design, reiseliv, mat m.m. Verksemder med produksjon innan desse områda, har eit spanande vekstpotensial gjennom vår stigande velferd. Opplevingsøkonomien har ingen klare grenser.

Opplevingsøkonomien er eit paraplyomgrep som dekkjer mange godt etablerte bransjar. Opplevingsøkonomi er eit nyttig ord for å kommunisera om økonomiske effektar og spesielt verdiskaping gjennom opplevingar. I opplevingsøkonomien vert merksemda flytta frå produkt og serviceleveranse og over til kunden sine opplevingar som det verdiskapande element. Målet for framtida er å få fleire til å villa bu i kommunen, få fleire til å villa driva næring eller vera med og vidareutvikla eksisterande næringar i kommunen, og sist men ikkje minst få innbyggjarane til å «oppleva» at dei kan besøka alle tilboda kommunen byr dei. Gjennom forståing for opplevingsøkonomien som politisk grunnlag for all kommuneutvikling, kan me leggja endå betre til rette for tidvis busetnad, tidvis arbeid og «faste» besøk. Det vil med andre ord seia fleksibilitet i bu-, arbeids og opplevingsmønstra til folk.

Den auka satsinga på attraktivitet i norsk distriktspolitikk kan sjåast på som eit utslag av ei tiltru til at lokalsamfunnet kan påverke sin eigen vekst og leggja eit godt grunnlag for framtidig eksistens.

I sin programteori for attraktivitet seier Telemarksforsking at «attraktivitet er knytt til tilhøve som kan påverkast lokalt, eller som er unikt ved den enkelte stad, og som påverkar flyttestraumen til eller frå staden». Attraktivitet er dermed nært knytt til flyttebalansen.

Attraktivitet og stadutvikling er omgrep som slektar på einannan. Begge handlar om å forbetra eigenskapane ved ein stad. Stadutvikling er eit omgrep som ofte har vore knytt til fysiske eigenskapar ved stadar. Stadutvikling har vore knytt til kvalitative forbetringar som ikkje nødvendigvis påverkar veksten på ein stad, medan attraktivitet i større grad peikar mot at staden i større grad skal trekka til seg noko, og dermed auka veksten sin.

Dei samfunna som klarar å skapa ei oppsiktsvekkjande framtid er dei som oppmodar til eksperimentering, dyrkar risikovilje, pleier sine innovatørar, set pris på kreativitet og fremmar det særeigne. Dette gjev oss fire underliggjande faktorar:

  • «Talentutvikling» 
  • «Toleranse – rom for mangfald» 
  • «Trivsel» 
  • «Teknologiutnytting»