Invitasjon til idéblanding

Rådmannen treng dine idèar slik at me saman kan skapa ei oppsiktsvekkjande framtid for Kvam:

  • Gjer me noko som er unødvendig?
  • Kva skal me endra for at me skal få meir tid og rom til å gjere det me eigentlig kan og skal jobba med?
  • Korleis kan me etablera sterkare mekanismar for samordning, tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid?
  • Kva er dine idèar for å skapa ei oppsiktsvekkjande framtid i Kvam?

Onde tunger hevdar om fornying av offentleg forvaltning at det er som å flytta ein kyrkjegard: du får ikkje mykje hjelp av dei som allereie er der. Eg veit at offentleg forvaltning er langt betre enn sitt rykte, og eg opplever ei stor fornyingsvilje i Kvam herad.

Me kan nok likevel vera samde om at det finst forbetringspotensiale. Fleire av dei oppgåvene me gjer kunne vore gjort på andre måtar. Nokre oppgåver er det kanskje ikkje behov for å gjera i det heile. Og nokon oppgåver vert gjort dobbelt, kanskje utan at dei som gjer det er klar over det.

Organiseringa vår i einingar, avdelingar og grupper har mange fordelar som at det tydeleggjer gjennomføring av politiske vedtak. Ulempa er at slik sektorisering kan føra til mindre samordning. Skal me lukkast er det viktig å styrke koordineringa mellom ulike sektorar. Det må etablerast sterkare mekanismar for samordning, tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid.

Regjeringa har starta ein jakt på tidstjuvar i offentleg sektor. Også i Kvam herad skal me jakta på tidstjuvane. Ved å minne oss sjølve på kvifor me er her, til innbyggjarane og brukarane sitt beste, skal me jakta på det som gjev mest mogleg valuta for skattepengane. Dette handlar ikkje om at alle skal springa fortare, men om at me skal legge til rette for å jobbe smartare, til dømes ved å frigjera kompetanse frå manuelle rutinejobbar og heller bruka den der det er størst behov for den. Tidstjuvane er prosessar som tar unødvendig tid, ventetida som oppstår mellom ulike saksbehandlarar si behandling av ei sak, krav til rapportering av opplysningar ingen brukar til noko, dobbeltarbeidet som oppstår når fleire gjer det same, manuell utfylling av skjemaer med data ein allereie har i systema, unødvendig tid i bil, osb. Tidstjuvane er det som gjer at me får mindre tid til å løyse viktige oppgåver og som gjer at innbyggjarane får for sein og for dårlig service.

Kva skal me endra for at me skal få meir tid og rom til å gjera det me eigentlig kan og skal jobba med?

Visjonen om å skapa ei oppsiktsvekkjande framtid for Kvam er eit bilete av framtida. Visjonen er framtidsretta og ved hjelp av styrkene i vår identitet, historie og kultur drar den oss inn i ei ny tid. Visjonen byggjer på samspel, engasjement, vilje til å få til noko og å vera rause og tolerante med kvarandre. Å skapa noko betyr å forma, danna eller la noko bli til.

Sjølv om me lever i ei verd der me skal tilby mange av dei same tenestene som før, endrar verda seg rundt oss. Menneske, teknologi, infrastruktur, trendar og haldningar er i kontinuerleg endring. Visjonen vår må difor reflektera at me fylgjer med i tida, at me er kreative og viser innovasjonsvilje. Ein kommune med rett porsjon risikovilje, der ein tørr prøva nye ting som er verdt å leggja merke til. Ein kommune som skal skapa ei oppsiktsvekkjande framtid.

Som kommunalt tilsette har me ei nøkkelrolle i å bidra til forenkling og til innovasjon. Ofte kjem nytenking som svar på at kommunane ser at dei har utfordringar dei må overkomma.

Utfordringane våre er mange, men utfordringar hindrar stagnasjon og gjev oss i staden nye moglegheiter. Skal me tenkja på kva som kjem lengre fram i tida må me velja våre vyar, tenkja litt rundt det som er merkeleg – kanskje magisk i dag – moglegheiter er magiske. Skal me saman skapa eit levedyktig Kvam for framtida må me inspirera kvarande utanfor den boksen der rammene er avgrensa av pengar. Ved å skapa dei rette arenaene har me fri tilgang på mykje kreativitet og ekstreme løysingar. Dette gjev oss uendeleg mange innfallsvinklar til å eksperimentera i problemløysinga, og fantastiske moglegheiter om me fritt let ideane blanda seg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett litt på kva som kjenneteiknar kommunar som lukkast:

  • Kommunen identifiserer utfordringane løpande
  • Kommunen erkjenner eige ansvar for å møta utfordringane
  • Eit godt samspel mellom politikarar/administrasjon – og mellom rådmann og einingane
  • Iverkset raskt tiltak (ev. mot-tiltak)
  • (Økonomiske) vanskar får ikkje høve til å utvikle seg over tid

Det er når me har mot til å misslukkast i dagleg arbeid at gode løysingar og endringar trer fram. Me kan nytta fem verkty for å skapa noko nytt og noko som varer over tid?

  1. Framsikt - Sjå langt fram i tid og forstå at ting kjem til å bli annleis. Desto lengre framover du ser, desto opnare til sinns må du vera.
  2. Ideblanding - innovasjon skjer i ein fusjon mellom mange ulike idear. Spenning, friksjon og konflikt er teikn på at idear fusjonerer.
  3. Eksperimenter – Tenk utanfor boksen og prøv deg fram. Prøv å utfordra det etablerte, sjå etter moglegheitene, og gløym alt som kan skapa problem ei stund.
  4. «Misslyckandeåtervinning» - Nokon av verdas største kommersielle suksessar kom som resultat av vidareutvikling av produkt som hadde misslukkast totalt. Me har blitt veldig fokusert på å byggja vidare på suksess, eller læra av dei som har lukkast. Det kan ligga minst like mykje lærdom hjå dei som har misslukkast.
  5. Tolmod - Sei aldri at «dette har me prøvd før», eller forvent heller ikkje alltid resultat med ei gong. Endringar, omorganiseringar, omlegging frå behandling til førebygging, eller innføring av nye system treng tid for å setja seg. Av og til kan det til og med bli litt verre før det blir betre, men då må me visa tolmod.

Idèane dine kan vera store eller små, kompliserte eller enkle. Sjølv om du tenkjer akkurat din idè kan vera uvesentleg, kan den i ein fusjon med andre idèar vera akkurat det me er ute etter. Idèar kan enkelt sendast inn på epost til postmottak@kvam.kommune.no

Framtida er her. Grip den!