Ynskje om innspel til lokale for Kvam kulturskule

Kvam herad arbeider med å finna ein ny lokalitet for kulturskuleaktiviteten i Norheimsund, i samband med etableringa av ny vidaregåande skule i sentrum. I den samanheng ynskjer kommunen innspel på lokale som ligg sentralt i Norheimsund.

   

Lokala skal til nyttast til dans, visuelle kunstfag, drama, lager, kontor, øvingsrom, kjøkenkrok/pauserom og toalett. Lokala må vera universelt utforma. Det er ynskjeleg med omlag 200 kvadratmeter areal.

Lokala bør liggja innafor ein radius på 300 meter frå busshaldeplassen i Norheimsund sentrum.

Frist for innspel, er sett til 4. september 2021.

Har du eigna lokale, ta kontakt med Kvam herad, ved Samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, på tlf 979 53 274 eller send e-post til postmottak@kvam.kommune.no.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.