Saman har me spart heile 3339 kg CO2 – nesten 1000 kg meir enn i fjor! Dette tilsvarer omtrent 18100 km køyring, som er nesten ein halv runde rundt jorda.
Det er kjekt å sjå det store engasjementet her i Kvam. De har verkeleg stått på i år og toppa statistikken frå i fjor. Her er nokre høgdepunkt:
Statistikk samanlikna med 2022:
- 182 deltakarar i år, mot 163 i fjor
- 24 023 km i år, mot 19 484 km i fjor
- 5 198 timar i år, mot 3 939 timar i fjor
- 5 024 økter i år, mot 4 085 økter i fjor
Og no til vinnarane:
Det har vore spanande å følgja konkurransen i toppen. Mange har stått på og kjempa hardt, og det har vore jamnt blant dei i tet. Men dei som stikk av med sigeren i dei ulike kategoriane er:
Privat visning i kinosalen til laget med flest poeng går til:
Happy Life
- Victoria Steine
- Henriette Steine
- Anlaug Soldal
- Nadia Stue
- Anette Laupsa-Borge
De kan kontakta miljøkoordinator Mary Ann Sørheim e-post MARS@kvam.kommune.no for meir informasjon.
Refleksseler til eit tilfeldig trekt lag går til:
Strandebarm skule A-lag
- Lars Kristian Ekeland
- Andreas Hauso Froestad
- Sigrun Helen Tufta
- Anne Christine Viken
- Espen Lillefosse
Turvaffeljern til enkeltpersonen med flest poeng går til:
Sykkelhjelm til personen med høgast antal poeng for mest aktiv reiseveg går til:
De kan hente sykkelhjelm, turvaffeljern og reflekssele i resepsjonen på Kvam rådhus.
Me takkar for den strålande innsatsen i årets kampanje! Eigentleg er me alle vinnarar når me ser på den fantastiske aktiviteten som er lagt ned i kampanjeperioden.
Fellesskap og bærekraft i 50 år!
Sykle til jobben.no