Vil du vere med å påverke vegvala for Vestland dei neste fire åra?

Har du synspunkt på kva som kan styrke samfunnsutviklinga i regionen din? Vestland fylkeskommune inviterer til ope dialogmøte om Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.

Illustrasjonsbilde Bli med på dialogmøte! - Klikk for stort bilete

___________

Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028:

Regionalt dialogmøte i Bergen

No kan du vere med å påverke vegvala for å styrke Vestland for framtida. Vestland fylkeskommune inviterer til dialogmøte om Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.

Velkomne er både:

  • tilsette i kommunen
  • lokalt næringsliv
  • innbyggjarar
  • lag og organisasjonar

Vestland fylkeskommune skal i løpet av 2024 rullere noverande utviklingsplan for Vestland fylke, og vil gjerne at du deltek med innspel til dette arbeidet. Er det skjedd fundamentale endringar i utfordringsbildet og utviklingstrekka på som er viktig å ta med i den nye utviklingsplanen?  

Har du synspunkt på kva som kan styrke samfunnsutviklinga i regionen din?

Då er du hjarteleg velkomen til dialog! 
Det siste året har Vestland fylkeskommune jobba med eit kunnskapsgrunnlag som syner viktige utviklingstrekk for Vestland fylke. Bli med å omsetje kunnskap til strategi og mål for regionen din.

I løpet av kvelden vil me høyra frå frivilligheitra, lokale politikarar, næringsliv og frå fylkeskommunen. Er du allereie nysgjerrig? Her finn du kunnskapsgrunnlaget til ny utviklingplan.

Møta finn stad:

  1. Førde vidaregåande skule, 23. januar 2024, kl. 16.30 – 20.00 (Trykk her for meir informasjon om agenda for møtet) 
  2. Vestlandshuset i Bergen, 25. januar2024,  kl.16.30 -20.00 (Trykk her for meir informasjon om agenda for møtet)

Sjå arrangement på facebook her.

Program for møta

Agenda er lik for alle møta. Føremålet med møta er å få fram ny kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av fylket som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

Målgruppe for møta

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vere satsingsområde som kan styrke Vestland for framtida.

_______

Nyttige lenkjer

Les meir på Vestland fylkeskommune sine sider her.

Heimesida til ny utviklingsplan 2024 -2028