Vegstenging - Fitjadalsvegen

Grunna VA-arbeid blir Fitjadalsvegen stengt ved avkøyring til Steinhus på 24. - 25. april og 29. april - 10. mai.

Kart som syner vegstenginga, markert med raude strekar. Kartdata: © OpenStreetMap-bidragsytarane. Tilgjengeleg med Open Database License. Kartografien er tilgjengeleg under CC BY-SA 2.0-lisens.

GBS utfører arbeidet for Kvam herad. Stenginga gjeld:
Onsdag 24. april kl. 08.30 - Torsdag 25. april kl. 15.00.
Måndag 29. april kl. 08.30 - Fredag 10. mai kl. 15.00.

Omkøyring er mogleg via Leitesdalen. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til GBS Entreprenør AS på tlf. 56 55 56 49.

OBS: Grunna ei misforståing opplyste denne teksten fyrst at stenginga gjeld berre på dagtid. Dette var feil. Vegen er stengt heile dei aktuelle periodane. 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.