Blant sakene som skal opp er planprogrammet for Fv7 forbi Tokagjel. Eit samrøystes formannskap har rådd til at planprogrammet vert vedteke, med eit tillegg om at det må vera med ei utgreiing om korleis eit kort tunnelalternativ kan forlengast seinare.
Formannskapet gjekk også inn for å leggja ved ein merknad om at den nye vegløysinga - dersom den i hovudsak vert eit rassikringprosjekt - bør løysast innanfor rammene for fylkesvegmidlar og statlege rassikringsmidlar.
Den eksisterande fylkesvegen gjennom Tokagjelet er som kjent svært utsett for skred, noko som inneber risiko for stengt veg, og også direkte fare for tap av liv og helse. Fylkeskommunen har i sitt investeringsprogram for fylkesvegnettet prioritert utbygging av ny fylkesveg 7 forbi Tokagjelet frå 2021 og utover.
I tillegg til arbeid for trafikksikring, har Kvam herad over tid arbeidd for tunnelløysingar under Kvamskogen, for slik å verta ein meir integrert del av ein større arbeidsmarknad i og rundt Bergen.
Planprogrammet inneber at fleire ulike tunnelalternativ skal utgreiast vidare i kommunedelplanen. Det inkluderer både kortare alternativ (frå Steinsdalen til Kvamskogen / Eikedalen) og lengre alternativ (frå Steinsdalen til Frøland).
Kommunestyret i Samnanger vedtok planprogrammet i førre veke.
Kart over dei ulike alternativa som skal utgreiast nærare
Uttale til Samnanger
Heradsstyret skal også diskutera ei anna sak som vedgår nabokommunen Samnanger, då dei skal koma med ei uttale til planprogram og detaljregulering av eit næringsområde i Børdalen i Samnanger, der det er planar om å etablera eit datasenter. Her har formannskapet rådd til at det i arbeidet vert gjort ei vurdering av tilkomsten til og krysset mellom Fv7 og Fv133, inklusive ei utbetring av brua over Storeelva.
Formannskapet rår også til at det i samband med vurdering av beredskap og ulukkesrisiko vert sett på moglegheiter for omlegging av Fv7, og om at det vert laga eit program for å sikra minst mogleg stengning og avgrensningar av trafikken på Fv7 i planperioden.
Arbeidsgruppe for E16 og Fv7
I ei anna sak gjer rådmannen - etter initiativ frå formannsskapet - framlegg om at det skal opprettast ei arbeidsgruppe for E16 og Fv7, som skal fungera fram til nytt heradsstyre er på plass i oktober 2019.
Rådmannen føresler at denne arbeidsgruppa, med ordførar Jostein Ljones som leiar, skal følgja opp planarbeidet knytt til E16, særleg med tanke på tilkoplinga mellom E16 og Fv7. Dessutan skal gruppa løfta fram problemstillingar knytt til Fv7 som omkøyrings- og avlastningsveg. Her vert det særleg synt til utbetring og rassikring av strekninga mellom Granvin og Øystese.
I rådmannen sitt framlegg heiter det at arbeidsgruppa ikkje skal ha innstillingsmynde, men uttalerett i saker som kjem innanfor arbeidsgruppa sitt arbeidsområde. Politiske saker som gjeld E16 og Fv7 skal handsamast av Kvam formannskap og Kvam heradsstyre.
Du finn heile sakslista for heradsstyret i møteplanen.