Vegomlegging på Børvevegen i Øystese

I Børvevegen i Øystese har det i alle år vore ein smal og uoversiktleg passasje mellom to hus, dette har ført til begrensa tilkomst til Børve - no blir det endring.

kartusnitt frå google på den aktuelle vegomlegginga i Børvevegen - Klikk for stort bileteIllustrasjon Børvevegen

Vegomlegging  Børvevegen- Øystese

Johannes Råen har kjøpt nabohuset og rive dette. Johannes Råen har inngått avtale med Kvam herad om at han fjernar/riv det eine huset og gjev grunn til å legge om Børvevegen. Kvam herad gjev bidrag til kjøp av huset og legg om vegen på eit vegstrekk på ca 60 m. Omlagt veg blir lagt i kurve og det vert etablert møteplass. Tiltaket blir utført for å betre framkomme og trafikksikkerheita i Børvevegen.

Beskriving av arbeid:

  • Veg skal leggast om på eit strekk på ca.50-60m.
  • Ny veg blir lagt på vegfylling.
  • Omlagt veg blir kopla saman med eksisterande veg i begge endar.
  • Vegen blir lagt i kurve. Kurve får funksjon som fartsdempende tiltak.  
  • I eksisterande vegareal blir asfalt fjerna og areal blir gjort om til framtidig hage.
Kartutsnitt Børvegen - Klikk for stort bileteKartutsnitt Børvegen

Trafikkavvikling under utføringa

Arbeidet skal utførast på kommunal veg. Veg er tilkomstveg til Børve og skuleveg. Ein planlegg arbeidet slik at det vert minst mogleg behov for vegstenging.  Utførande entreprenør vert ansvarleg for søknad og gjennomføring av varslingsplan med tiltak. Privat veg bak huset til Johannes Råen kan ved behov nyttast som omkøyringsveg etter avtale med grunneigar.

Både grunneigar og Kvam herad håpar at tiltaket vil betre tyggleiken. Ein håpar at trafikantane vil avpassa farten og køyra hensynsfullt sjølv om vegen no vert meir oversiktleg.

Framdrift

Arbeidet er no lyst ut til entreprenørar som Kvam herad har rammeavtale med inn under fagområde: veg, grunn og fjellarbeid.

  • Tildeling av oppdrag er planlagt i veke 16.
  • Oppstart er sett til veke 21 og planlagt ferdigstilling er 30 juni.

Busette og tilreisande i Børvevegen får om alt går som planlagt omlagt veg til sommarferien.