Vassavstenging 14. - 15. juni
Grunna arbeid på hovudvassleidninga frå Skålheim, til Børve/Vavollen og Vallandshaugane vert denne stengd onsdag kl. 16 - torsdag kl 07.
Ikkje bruk vatn i denne perioden!
Ver venleg å tapp opp vatn til eige forbruk på førehand.
Når vatnet kjem att bør ein la det renne i kaldtvasskrana ei tid før ein tek vatnet i bruk att. Rutinemessig vil ein anbefala at ein nyttar opptappa vatn eller koker vatn til drikke fram til ny melding om oppheving av kokevarsel vert sendt ut.
Ved eventuelt behov for ekstra drikkevatn vert det plassert ut ein reintvasstank ved Bjørketeigen Barnehage.
Spørsmål kan rettast til Teknisk vakt Kvam herad
Tlf. 56 55 34 00.
Publisert av Connie Langeland
Sist endra 14.07.2023 08:12