Varsel om oppstart prosjekt: Veg og VA Sandvenhagen-Sæland.

Det skal byggast ny veg med fortau frå FUS-barnehagen til Sandvenhagen og motet kryss ved Sæland. I prosjektet blir det og etablert ny infrastruktur i grunnen.

Prosjektet vert starta opp i veke 12, altså frå 21. mars. Anleggstida varer fram til 22. desember 2022. Utførande entreprenør er T. Berge Anlegg AS.

 

I anleggsperioden må brukarane av vegen forventa korte stopp og redusert framkome. Det vert etablert mellombels omkøyringar og gangvegar på anleggsområdet. Vegdekket vil vera grusdekke i store delar av anleggstida. Gamle Dalavegen vil i ei lengre periode verta stengt mellom krysset mot Sæland og krysset mot Sandvenhagen.

 

Brukarane av vegen vert bedt om å tilpassa farten og om å ta omsyn til dei som arbeider på anlegget.

Ved etablering av ny infrastruktur vert det trong for mellombels omlegging av straum, fiber og vassleidningar. Omlegging og tilkoplingar krev korte steningar, og varsel om stenging vert sendt ut til dei som vert påverka av dette i forkant.

Anleggsarbeidet vil medføra ulemper i perioda det går føre seg. Kvam herad håpar på forståing for dette, og at ein kan gle seg over at det no vert ny veg.

Entreprenøren T. Berge Anlegg AS kan kontaktast på tlf. 917 09 434. Kvam herad sin prosjektleiar for prosjektet er Øystein Ølmheim, som kan kontaktast på tlf. 970 82 295.

 

Oppdatering informasjon om prosjektet er å finna på eigne prosjektsider på kvamheradprosjekt.com.