Varsel om oppstart av planarbeid i Øystese

Det vert med dette kunngjort arbeid med reguleringsplan i Råsshagen i Øystese i Kvam herad.  Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for bygging av bustader, turveg, grøntareal og infrastruktur tilknytt nytt bustadfelt.

  • Reguleringsplanen omfattar gnr. 36, bnr. 1 med fleire.
  • Tiltakshavar er Johannes Råen, og fagkunnig konsulent er Geoplan AS

Planområdet omfattar eigedomane innanfor planområdet som synt på kartet, og det vert planlagt å regulera bustader på gnr. 36, bnr. 1.  Det er i tillegg teke med noko veg- og parkeringsareal for å få til ei god avkøyring til feltet og Bjørketeigen barnehage som grensar til planområdet.  Eit grøntdrag med tursti er teke med i planområdet for sjå på høvet til å regulera inn ein grusa turveg med 1,5 meters breidd.

For meir informasjon om planinitativet syner me til fylgjande dokument:

 

Har du synspunkt på arealbruket eller innspel til planarbeidet? Då kan du senda innspel til oppstartsmeldinga.  Innspel må sendast skriftleg til

Geoplan AS

Sandvenvegen 17

5600 Norheimsund

eller til epost: post@geoplan.no

 

Frist for å gje uttale er 30. april 2025.