Vaksineringa er i gang

Vaksineringa kom i gang på torsdagDenne veka vart dei fyrste vaksinene mot koronaviruset sette i Kvam. – Forhåpentlegvis starten på slutten av pandemien, seier kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid i eit intervju med lokalavisa Hordaland Folkeblad.  

Som tidlegare omtalt fekk Kvam herad 35 vaksinedoser levert denne veka. I røynda er det snakk om sju glas med vaksinen, og ein kan få fem til seks dosar ut av kvart glas. Også neste veke får Kvam sju glas, nok til å setja mellom 35 og 42 sprøyter. Kor mange vaksiner Kvam får i vekene etter dette er endå ikkje avklara. 

Kvam herad følgjer Folkehelseinstituttet si prioriteringsrekkefølgje. Dei eldste og sjuke vert vaksinert fyrst. I tillegg kan inntil 20 prosent av vaksinene verta gjeve til helsepersonell med direkte pasientkontakt. I Kvam startar vaksineringa av helsepersonell komande veke.

Vaksina mot koronaviruset må gjevast i to omgangar, med ein intervall på minst 21 dagar.

Til Hordaland Folkeblad seier kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid at det er vanskeleg å spå om når vaksineringa av ikkje-prioriterte grupper kan starta: – Me vonar å få større mengder vaksiner i løpet av våren, og at me kan auka farten på vaksineringa. Enn så lenge starta i det små.

Kommuneoverlegen oppmodar alle til å ta vaksinen når dei får tilbodet om det. Han understrekar at vaksinen er trygg og at dei dokumenterte biverknadene liknar på dei ein kan få av ei vanleg influensavaksine.
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.