Dersom du meiner å ha ein av desse risikofaktorane, og ikkje har høyrd noko, ber me deg om å ta kontakt med fastlegekontoret ditt:
- Fedme med kroppsmasseindeks (ofte kalla BMI) på 35 eller høgare. Du kan bruka NHI sin kalkulator for å rekna ut din kroppsmasseindeks
- kronisk leversjukdom
- betydeleg nedsett leverfunksjon
- diabetes
- kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorleg astma. Med alvorleg astma vert meint astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar det siste året
- demens
- hjerneslag
- kroniske hjarte- og karsjukdomar (unnateke høgt blodtrykk)
- annan alvorleg og / eller kronisk sjukdom som gjev auka risiko ved COVID-19
Dersom du får immundempande behandling for autoimmun sjukdom, og ikkje allereie er kontakta angåande vaksinering, ber me deg også om å ta kontakt med fastlegekontoret.
For meir informasjon om koronavaksine, sjå våre informasjonssider om denne.