Utvida Ung Fritid-tilbod

I år vert det både teaterskule, forskarskule, mediakurs og aktivitetscampar innan Ung Fritid. Og mykje meir.

Koronaepidemien har ført til eit  spesielt år for barn og unge, både i skule og på fritida. Utdanningsdirektoratet har difor oppretta ei eiga tilskotsordning til sommarskuletilbod for born og unge, og Kvam herad fekk tildelt prosjektmidlar i april.

Kvam herad har lang og god erfaring med sommaraktivitetar gjennom Ung Fritid. Heradet har difor vald å utvida Ung Fritid-tilbodet med fleire aktivitetar og kurs, og kan i år tilby Ung Fritid-sommarskule i veke 25 – 27 og i veke 31 og 32. Tilbodet er for born og unge frå 4. trinn og opp til 18 år.

– Måla er at tilbodet skal gje born og unge opplevingar prega av skaparglede, engasjement og utforskartrong, seier Kristin Lundblad, som har leia prosjektgruppa som har utarbeidd programmet for Ung Fritid Sommar 2021. – Etter at heradet søkte etter medarrangørar, var det mange som meldte si interesse. Alle som tilfredsstilte kriteria er no med om medarrangørar, og fleire av kurstilboda har blitt justert for å passa endå betre inn i programmet, fortel ho.

Lundblad røper at det har vore både hektisk og spanande å få på plass eit program for sommaren på såpass kort tid. – Men me synest me har fått på plass eit veldig variert og godt program, og gler oss til å kunna presentera om kort tid. Det er berre små justeringar før me er i hamn, og planen er at det skal vera klårt for påmelding 7. juni.

Kva tilbod vert det?

– Ok, timeplanen vert altså snart klår, men du kan kanskje røpa litt av programmet?

Ja, det vil verta teaterskule, kunstskule, musikkskule og forskarskule. I tillegg vil det verta ulike aktivitetscampar med ei rekkje idrettsgreiner, både til lands og i vatn. Og det vert kurs innan media. Og festival!

Kursa varer frå ein dag og opp til 15 dagar. På nokre av dei kan du velja dagar å vera med på, på andre må du melda deg på heile kurset.

Og dersom dette ikkje er spanande nok: mange av dei «vanlege» Ung Fritid-aktivitetane er også med.

Eigen aktivitetskoordinator

Kvam herad har også fått på plass ein aktivitetskoordinator, som skal ha ansvaret gjennom sommaren. Charlotte Sandvik Fuglø vert Ung Fritid-sjefen i sommar, og ho skal ha oversikt over både aktivitetar og påmelding.

Alle me som jobbar med Ung Fritid ser veldig fram til å sleppa programmet, seier Kristin Lundblad. Me voner å sjå mange av dei unge i Kvam i sving i ein eller annan aktivitet denne sommaren, og me håpar at alle vil finna noko av interesse i programmet.