Bakgrunn
Entreprenøren Donar bygde ny kai for Kvam herad våren 2021. Etter utbygging vart det oppdaga at ein mur under den nye kaien som ikkje var stabil nok, var byrja å rase ut. Muren var sett opp som del av utbetringa av Donar, men eit stykke av denne delen rasa ut før Kvam herad overtok kaien. Etter diskusjonar knytt til utbetringsløysingar med Donar som bygde kaien vart det semje om at Kvam herad prosjekterar utbetring på eksisterande kai, medan Donar skal gjere utbetringa. Som fylgje av utbetring vert kaien i praksis breiddeutvida med 4 m.
Underleverandørar
H2 Hardanger og IVERK har prosjektert for Kvam herad. Donar nyttar seg av underleverandørar som Rivenes (grunnarbeid), GBS (grunnarbeid), Valen Marina (dykking), Veseth (innmåling/scanning) og Seabroker (pæling). Utberinga har starta no etter nyttår.
Fyrst vart det lagt ut ein duk for å hindre utvasking av massar på sjøbotnen. Deretter er det utført masseutlegging utanfor kaien og muren. Massane skal stabilisere den delvis utrasa muren.
Status
Etter masseutlegginga som no stort sett er ferdig vert det ny pæling i sjøen framfor eksisterande kai. Det kjem ein pælerigg på 59 tonn som skal setje ut 14 nye pælar.
Dette arbeidet startar måndag 13.mars.
- Deretter vert det støypt dragarar som bitt saman pælane, før det vert lagt betongdekke i seksjonar (plattendekke) over.
- Over plattendekke vert det støypt ei heildekkande plate som vert overflata på den nye kaien.
I utganspunktet var det tenkt at ei steinfylling skulle sikre både utrasa mur og mot evt. erosjon frå propellar. Då det viste seg at ein ville komme for høgt med steinfyllinga, er det bestemt å leggje ei betongmatte som erosjonssikring framfor og under kaien.
- Når arbeidet er ferdig vert kaiområdet utvida med 4 m langs heile kaifronten framfor hotellet og sjøhuset deira. Som fylgje av dette vert det også litt betre plass «nedst på haldeplassen».
- Djupna framfor kaien skal vere minimum - 3,5 m djupne framfor den «nye» kaifronten slik at ein kan ta i mot minst like store båtar som tidlegare.
Oppdatering 20. april - 23
Denne veka held dei på med armering innvendig i søylene/pælane i dag. Det skal setjast ned ein «armeringsbunt» innvendig i kvar søyle, før desse skal støypast ut i lag med dragar som skal binder dei saman. Armeringsbutane er klagjort av Donar på førhand og er transportert fram til kaien med lastebil.
Stålprofilar som er påsveisa mellom pælane skal fjernast etter at betongdragarar og pælane er støypt ut.
Under finn du modellutsnitt av den nye kaien i Norheimsund.
- Det grå dekke er utbetringa/sikringa og breiddeutvidinga som vert gjort no
- Gult var eksisterande sjøbotn
- Blåfarge er nyleg utlagt massar og seinare betongmadrass over
Modellutsnitt av den nye kaien i Norheimsund
Kjetil Kvittingen, Iverk
Modellutsnitt av den nye kaien i Norheimsund