Bakgrunn
Under bygging av Strandebarm omsorg vart det hausten 2022 avdekka hærverk av ymse slag. Nyleg vart det oppdaga framandelement i golvvarmesystemet som tilsynelatande heng saman med tidlegare oppdaga hærverk.
Golvvarmesystem
Golvvarmesystemet består av sirkulerande vatn. Golvvarmesystemet er delt opp i forskjellige sløyfer, men alt vatnet må til slutt gjennom varmesentralen. Dette betyr at alt vatnet i heile systemet må spylast til ein er heilt sikker på at alle framandelement er vekke.
Arbeidet med å rette opp i forholdet er både tidkrevjande og kostbart. Fuglafjell AS som er prosjektentreprenør, opplyser at dersom alt går etter planen, kan anlegget vera ferdig reparert og satt i drift om lag i midten av mai 2023.
Flytting går etter planen
Styringsgruppa for Strandebarm omsorg-prosjektet har bestemt at flyttinga av bebuarar frå Strandebarmsheimen på Børsheim 25. mars - går som planlagt. Å utsette flytting kan føra til meir uro for bebuarane, då dei treng tid til å få finna seg til rette før ferieavviklinga juni – august. «Dette basert på dei faglege vurderingane som helse- og omsorgseininga har gjort», seier Terje Langeland.
Gruppeleiar i Strandebarm Elisabeth Svåsand uttalar at me ser på dette som den beste løysinga, sjølv om det betyr at arbeid vert utført etter me er flytta inn. Det er sjølvsagt leit at slik skjer, men me gjer det beste ut av situasjonen og det med god planlegging frå avdeling til avdeling.
Me vil få plassert ut elektriske varmeomnar på kvart bebuarrom, då golvvarmen den fyrste tida vil vera avslått grunna reperasjon. På nye Strandebarm omsorg har me i tillegg gode fellesareal som kan nyttast medan arbeid føregår på eit og eit bebuar rom. Vårt fokus er å ivareta bebuarane under flytting, utbetringsfase og i tilpassinga til ny bustad og me ser fram til å ta i bruk det nye flotte bygget vårt.
Planen for utbetringa ser i korte trekk slik ut:
- Stenging og tømming av heile golvvarmeanlegget i midten veke 12
- Plassera elektriske varmeomnar på kvart bebuarrom, før flyttinga 25. mars
- Reingjera varmesløyfe til ventilasjon og setja denne i drift slik at ventilasjon fungerer med ei viss grad av oppvarming
- Reingjera og setja i drift (varme på) ein og ein fløy i gongen
Eventuelle spørsmål kan rettast til informasjonsrådgjevar Connie Langeland
E-post: conlan@kvam.herad.no Telefon: 909 39 717
_____
Pårørande kan henvenda seg til gruppeleiar i Strandebarm Elisabeth Svåsand
E-post: elisva@kvam.herad.no Telefon: 979 75 989