Unni Valland kåra til årets reinhaldar

Bilete frå prisutdelinga Ragnhild Rykkje Prisen fekk ho utdelt av Stein Gulbrandsen frå Fagforbundet under ei tilstelling på "Renholderens dag 3. desember 2018" 

I følgje statuttane vert prisen for "Årets reinhaldar" delt ut til ein person som har ytt ein spesiell innsats for reinhaldsfaget, kollegaene sine og for å kvalitetsutvikla reinhaldstenesta.

Prisen vert delt ut av Fagforbundet til ein person som, ifølgje statuttane, "har ytt en spesiell innsats for renholdsfaget, sine kolleger, kvalitetsutviklet renholdstjenesten, er samfunnsengasjert og inkluderende og på en eller annen måte har utmerket seg gjennom sitt daglige arbeid".

Unni Valland har arbeidd som reinhaldar i kommunen i over 30 år og har vore leiar sidan 1998. 1. januar neste år går ho av med pensjon. I nominasjonen av Valland heiter det blant anna at ho er ein "ekspert på å få medarbeidarane til å trivast og yta sitt beste", og det vert synt til korleis ho har arbeidd for lågt sjukefråver, på at ho spreier godt humør og at ho blir oppfatta som ein løysingsorientert sjef både av medarbeidarar og brukarar". 

Du kan lesa meir i ein artikkel i Fagbladet. Kvam herad gratulerer med prisen.