Tidlegare i månaden sytte BIR og IL Reno for opprydding ved Sekk litt aust for Ålvik sentrum, som har fungert som ein ulovleg dumpingplass av søppel.
Sist i denne artikkelen kan du sjå ein biletserie av forsøpling av det heller grufulle slaget. Kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i BIR minner om at søppel som vert kasta på denne måten før eller seinare kjem til å enda i fjorden og havet.
Forsøpling av havet er eit stort miljøproblem, som dei siste åra heldigvis har kome stadig meir på dagsordenen.
Vil bli skilta
Lokalavisa Hordaland Folkeblad har tidlegare skrive om BIR sin aksjon. – Me ynskjer ikkje forsøpling i heradet eller langs vegane, sa ordførar Jostein Ljones til avisa i den samanhang.
Kvam har hatt fokus på forsøpling ei heil tid, og var også pilotkommune i BIR sitt prosjekt på området, eit prosjekt som er eit tilbod til BIR-kommunane. Ved Sekk vil heradet bidra til at området vert skilta og sikra for å unngå framtidig forsøpling.
Billig å kvitta seg med bosset
Skudal minner om at BIR sine gjenvinningsstasjonar tek imot det aller av det folk vil kasta og at dei er rimelege å nytta seg av. – For ein femtilapp kan du levera ein kubikk med avfall. Ein meter i breidde, høgde og djupne er ganske mykje avfall for femti kroner, understrekar ho.
Det er også gratis å levera fleire avfallstypar. Det gjeld alt av elektrisk og elektronisk avfall, farleg avfall, papir, papp, drikkekartong og plast, samt glas- og metallemballasje.
– Det er dessutan ofte noko fint å ta med seg gratis frå brukthallane våre, legg Skudal til. - Om folk har noko brukbart dei vil kasta, er det fint om dei heller set det frå seg i brukthallen, slik at andre kan få nytte av det.