Miljødirektoratet har ei søknadsordning for statleg sikring av kommunalt eigde friluftsområde. I artikkelen til Dagsavisen som du finn lenka til nedst i denne teksten, står det skrive at statleg sikring gjev høve til å søka om tilskot til istandsetting, tilrettelegging og utvikling. Tilskota kan til dømes nyttast til grillplassar, bord og benker, og endå betre tilrettelagt for friluftsliv.
I Kvam herad har me ni søknadar inne til behandling hjå Miljødirektoratet. Det er flest i landet, kan ein lese i Dagsavisen, med Grimstad på plassen bak med åtte søknadar.
Me ligg langs den vakre Hardangerfjorden og satsar på ålmenn tilgang i område med høg kvalitet, noko som gjer oss til ein attraktiv stad å både vitja og bu, seier rådmann Anita Hesthamar om saka i Dagsavisen.
Sjef for samfunn, næring og kultur i Kvam, Jon Nedkvitne påpeikar at noko som også er unikt for våre område, er at nokre av friluftområda også ligg midt i sentrum. Dei er ein viktig del av tettstadutviklinga i våre største tettstadar, Øystese og Norheimsund, litt som i «Syden».
I Dagsavisen sin artikkel kan ein lesa at ordførar Torgeir Næss fortel at det ikkje er fyrste gong Kvam utmerker seg på denne måten - me har hatt ein god «drive» på slike søknadar i mange år, og det kjem nok fleire etter kvart.
Når ordføraren vert spurt om kvifor me satsar så mykje på dette, er svaret fylgjande:
"– Fordi det er viktig for folk sin trivnad og for reiselivet.
– Det er jo alltid mulig å ta seg et bad i fjorden i en kommune som ligger slik til som vår, men vi ønsker å gjøre det lettere også å ta med seg unger, og å komme til med rullestol, slik at vi kan fremme mer fysisk aktivitet. "
Artikkelen i Dagsavisen kan du lesa i si heilheit på denne lenka.
Stranda i Øystese
visitkvam.no