Oppdatering, 24. september: Ungdomsrådet sitt ekstramøte er avlyst grunna ein uavklart smittesituasjon i Kvam.
I mai vedtok heradsstyret planprogram for energi og klimaplanen. I juni heldt ordføraren i Stad kommune, Alfred Bjørlo, eit inspirasjonsinnlegg for heradsstyret med tittelen "Ei grøn framtid i distriktsnoreg". Det kan du også sjå i kommune-TV.
Dagen etter hadde prosjektgruppa for planen sitt oppstartsmøte. Den neste fasa i arbeidet er no å samla innspel til mål, strategiar og tiltak.
I denne prosjektgruppa er også to representantar for ungdomsrådet, og det er noko av bakteppet når ungdomsrådet på torsdag 24. september har eit ekstraordinært møte der dei skal arbeida med innspel. Ungdomsrådet vil også få ein presentasjon frå Jon Nedkvitne, samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad.
Skal dela ut koronapengar
Formannskapet har på si side møte på onsdag. Sakslista er tilgjengeleg i Kvam herad sin innsynsportal, og omfattar mellom anna søknader om ekstramidlar til organisasjonar og lag i samband med koronapandemien. Rådmannen innstiller på å gje til saman 381.000 kroner til seks ulike organisasjonar: Øystese fotballklubb, Øystese kvinne- og familielag, Hardanger golfklubb, Kvamskogen næringslag, Øystese sanitetslag og Tørvikbygd musikklag.
Formannskapet skal også gje innstilling til heradsstyret si endelege handsaming av kommunedelplanen i samband med tunnel forbi Tokagjelet på Fv49. Dei skal også ha andre gongs handsaming av reguleringsplanen for Strandebarm omsorg, ei anna sak der dei skal gje innstilling til heradsstyret.
På saklista finn ein dessutan fyrstegongshandsaming av ein annan reguleringsplan, knytt til bygginga av ny vidaregåande skule i Norheimsund sentrum.