Nettverket er eit samarbeid mellom Bufdir, KS og Frivillighet Norge, og Kvam har delteke på nettverket sine samlingar som deltakarar og bidragsytarar dei siste to åra.
Tema for konferansen denne gongen er ungdomsmedverknad og deltaking i ei offentlegheit med hat, truslar og falske nyheiter.
Leiar og nestleiar i ungdomsrådet, Ida Djupevåg og Malene Utskot, bidrog onsdag føremiddag med innlegg om ungdomsmedverknad, demokrati og samhandling i Kvam. Dei fortalde om bakgrunn, organisering og rammer for arbeidet til ungdomsrådet, og om dei viktigaste sakene som rådet har jobba med.
Tilhøyrarane gav gode tilbakemeldingar, og var spesielt interessert i at ungdomsrådet har ei lang ei historie i Kvam er godt etablerte i dei demokratiske prosessane i kommunen, i tillegg til at rådet også har sitt eige budsjett. Ungdomsrådet sin gjennomføring av ALLEMED-dugnaden og deira rolle i fritidssatsinga i Kvam skapte også interesse.
Christian Hellevang i KS seier at Kvam har utmerka seg innan arbeidet rundt ungdomsmedverknad og fritid, og dette er bakgrunnen til at ungdomsrådet i Kvam derfor vart invitert til å presentera sitt arbeid på den nasjonale samlinga.
Deler av konferansen gjekk føre seg i den ærverdige bystyresalen i Kristiansand rådhus
På samlinga er det til saman 30 ungdommar frå Hammerfest i nord til Arendal i sør.
Kvam er eit av fire ungdomsråd som har innlegg. To ungdommar frå Finland er også på konferansen for å fortelja om den finske modellen. Dei finske ungdommane har og besøkt Sverige og Danmark, og erfaringa deira er at dei nordiske landa har mange av dei same utfordringane, og at eit nordisk samarbeid rundt ungdomsmedverknad vil vera eit gode.
Ida og Malene fortel at det har vore lærerikt å høyra frå dei andre ungdomsråda, og at det har vore kjekt og sosialt.
Dei syns også at det var stas å få representera ungdomsrådet i Kvam på talarstolen i bystyresalen i Kristiansand.
Malene og Ida fortel om korleis ungdomsrådet i Kvam jobbar