Ung Fritid i haustferien

Haustferieprogrammet for Ung Fritid er klårt. Ung Fritid er eit samarbeid mellom Kvam herad, Grannehjelpa og lokale, frivillige lag og organisasjonar, og eit tilbod til born og unge mellom 11 og 18 (fødd i 2009 og eldre).

Fredag 2. oktober: LAN-party

kl. 20.00 til laurdagen kl. 0800, i Kvam ungdomsskule
Ta med PC og alle naudsynet kablar (ekstra lange), og bli med og spel! Konkurranse i Fortnite, CS og Minecraft. Det vert servert mat og drikke, men ta gjerne med noko digg sjølv. Treg du skyss, gje beskjed ved påmelding. Aldersgruppe 13 - 18 år (frå 8. klasse).

Måndag 5. oktober: Paintball

kl. 12.00 for dei frå 11 - 15 år
kl. 15.00 for dei frå 16 - 18 år
Fana Paintball tek med seg utstyr og kjem til Kvam. Me fyrer også opp grillen og serverer mat mellom øktene. Oppmøte ved den gamle skytebana i Tolomarka. Treng du skyss? Gje beskjed ved påmelding.

Tysdag 6. oktober: Hobbyverkstad

kl. 12 - 16 i Ungdomsbasen
Bli med på ei kreativ stund med gjenbruk og ombruk av garn og støyping av lys og såpe. Felles måltid. For alle mellom 11 og 18 år.

Onsdag 7. oktober: Pool party

kl. 21.30 til 24.00 i Hardangerbadet
Bassengfest i haustmørket med disko, paraplydrinkar og konkurransar med diplomutdeling. For alle mellom 12 og 18 år (frå 7. klasse). Ein må kunna symja for å vera med!

Alle aktivitetane er gratis.

Foreldre kan melda sine born på via digitalt påmeldingsskjema. Skjemaet krev innlogging via ID-porten, til dømes med Bank-ID. Ved problem med påmelding, dersom du ikkje har tilgang til Bank-ID eler om du har spørsmål, ta kontakt med Siriann Lillevik i Kvam herad, 
tlf 977 28 718.

Det er avgrensa tal med plassar, og ein må ha fast bustadadresse i Kvam for å kunna vera med på aktivitet. Me fylgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner for smittevern.