Konsekvensane av barneekteskap er store, ikkje berre for jentene som vert gifta bort, men også for borna deira og for samfunnet dei lever i. Jentene vert hindra i å nå sine draumar og mål, og moglegheita til å skapa ei god framtid vert røva frå dei.
Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Der jenter vert gifta bort som born og mister moglegheita til å gå på skule, aukar risikoen for at dei vert utsett for vald og overgrep. Dei mister retten til å bestemma over eige liv og kropp. Difor skal årets TV-aksjon arbeida for å få slutt på barneekteskap, og PLAN vil nytta dei innkomne midla til mellom anna yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap for jenter i Nepal og Bangladesh, opplysningskampanjar og opplæring i Malawi, til stipend til maliske jenter slik at dei får fullføra sin skulegang og til å trena opp helsepersonell og lærarar i Niger i seksuell og reproduktiv helse.
PLAN International er ein global bistandsorganisasjon som jobbar på grasrota for born sine rettar. Dei driv langsiktig utviklingsarbeid i meir enn 50 land og samlar inn pengar i meir enn 20.
Du kan gje gåver til TV-aksjonen slik:
- via Kvam herad sin spleis til TV-aksjonen
- til bøsseberarane
- gjennom å setja inn bidraget ditt på innsamlingskonto 8380 08 09005
- gjennom å bruka Vipps, nr. 2133
Meir informasjon finn du på blimed.no.
Her i Kvam vert innsamlinga organisert av ei kommunal arbeidsgruppe i samarbeid med grendeutvala og ungdomsrådet. Vil du vera bøsseberar? Nedanfor finn du telefonnummer til dei ansvarlege for TV-aksjonen i dei ulike grendene:
- Mundheim: 918 15 333
- Oma: 909 51 376
- Strandebarm: 997 15 037
- Innstranda: 916 15 814
- Tørvikbygd: 410 86 600
- Vikøy / Aksnes: 913 94 486
- Norheimsund: 976 87 032
- Steinsdalen: 995 13 709
- Øystese: 410 65 500
- Soldal og Porsmyr: 481 40 995
- Fykse: 416 62 592
- Ålvik: 410 45 168