Tusen takk til alle våre flotte ferievikarar!
Utan dykk går ikkje hjula rundt - når ferieavvikling for faste tilsette skal gjennomførast.
Ferievikarar i Ferieklubben 2023
Me håpar det gir meirsmak å jobba hos oss! At de får god og nyttig arbeidserfaring med dykk vidare.
Eller om du ikkje veit heilt kva du skal gjera etter sommaren - kanskje du vil vera vikar hos oss også utover hausten?
Ledige stillingar i Kvam herad finn du her ved interesse!
Ferievikarar på Strandebarm omsorg
Me oppmodar alle om å ta godt i mot vikarane våre, og å vera opne for alle spørsmål og innspel dei har til arbeidet.
Her kan det kanskje vera nye idéar til vidareutvikling av arbeidet vårt.
Riktig god sommar!
Ferievikarar på Toloheimen
Sist endra 07.07.2023 11:16