Tokagjelplan vert kunngjort 7. oktober

Kommunedelplan for fylkesveg 49 (tidl. fv. 7) forbi Tokagjelet vil verta kunngjort og lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn den 7.oktober 2019. 

Kart over dei ulike alternativa som er utgreidd nærare

Statens vegvesen vil orientera om planen i heradsstyremøtet i Kvam 8. oktober. Det vil også verta halde ope folkemøte og kontordag i Norheimsund, 31. oktober. Detaljar omkring kunngjering, tid og stad vil koma seinare.

Fleire alternativ utgreidde

Det var eit samrøystes heradsstyre som i fjor haust vedtok planprogrammet for kommunedelplan Fv7 Tokagjelet (vegen har no vegnummer 49), med tillegg om at det må vera med ei utgreiing om korleis eit kort tunnelalternativ kan forlengast seinare. Heradsstyret la også ved ein merknad om at den nye vegløysinga - dersom den i hovudsak vert eit rassikringprosjekt - bør løysast innanfor rammene for fylkesvegmidlar og statlege rassikringsmidlar.

Også i kommunestyret i Samnanger vart planprogrammet samrøystes vedteke.

Den eksisterande fylkesvegen gjennom Tokagjelet er som kjent svært utsett for skred, noko som inneber risiko for stengt veg, og også direkte fare for tap av liv og helse. Fylkeskommunen har i sitt investeringsprogram for fylkesvegnettet prioritert utbygging av ny fylkesveg forbi Tokagjelet frå 2021 og utover. I tillegg til arbeid for trafikksikring, har Kvam herad over tid arbeidd for tunnelløysingar under Kvamskogen, for slik å verta ein meir integrert del av ein større arbeidsmarknad i og rundt Bergen.

Planprogrammet innebar at fleire ulike tunnelalternativ skulle utgreiast vidare i kommunedelplanen. Det inkluderte både kortare alternativ (frå Steinsdalen til Kvamskogen / Eikedalen) og lengre alternativ (frå Steinsdalen til Frøland i Samnanger). Kommunedelplanen som no skal kunngjerast og leggjast ut på høyring skal avklara framtidig trasé, samt andre overordna prinsipp for Fv49  forbi Tokagjel.